Kva leitar du etter?

Adobe Stock 502904475

ISO 27001 informasjonssikkerheit

Sertfikatet stadfestar at Tussa IKT har gode system og rutinar for informasjonssikkerheit, og for å avdekke og stoppe digitale trugslar.

ISO 27001 er ein internasjonal standard for informasjonssikkerheit. Det er Tussa IKT sine metodar og prosessar for sikkerheitsleiing som er sertifiserte. Det vil seie Information Security Management System (ISMS), på norsk: Internkontroll for informasjonssikkerheit. Dette omfattar sal, leveranse, drift og brukarstøtte av tenestene innanfor forretningsområda IT og kommunikasjon, og inkluderer Tussa datasenter, Tussa sitt breibands- og fibernett og lokala i Ørsta, Ålesund, Herøy og Stryn.

ISO 27001-sertifikatet stadfestar at vi:

  • har eit godt styringssystem med risikovurderingar og interne revisjonar
  • arbeider for kontinuerleg læring og forbetring
  • har rutinar for å hindre uønskte hendingar internt og eksternt
  • har gode rutinar for å handtere uønskte hendingar på ein god måte dersom dei skulle oppstå
  • legg stor vekt på sikkerheit i sal, leveranse, drift og brukarstøtte
ISO 27001 illustrasjon norsk

Slik sikrar du bedrifta di mot cyberangrep

Aldri før har norske bedrifter stått ovanfor større digitale trugslar enn no. Men korleis veit du om rutinane dine er gode nok når nettopp di bedrift blir angripen?

Sikkerheitstenestene våre

Vi tek pulsen på sikkerheita i IT-miljøet ditt.

Kontakt oss

Ta kontakt for å høyre kva vi kan hjelpe deg med.