Hallvard Almestad
Senior produktrådgjevar
Tussa IKT
Ei brannmurteneste som sikrar datatrafikken ved å blokkere mot angrep og vondsinna programvare. I tillegg kan vi leggje om trafikken til 4G ved brot på den faste linja.
Trygg Trafikk er for deg som kjøper tenester frå Tussa Datasenter. Tenesten gjev direkte kontakt med datasenteret uavhengig av internettleverandør eller krav til fast IP. Som opsjon får du failover på 4G/LTE utan å misse kontakt med datasenteret.
Tenesten inkluderer applikasjonsbrannmur (NGFW) både for lokal trafikk mot internett og mellom klientnett og serversone i datasenter.
Med Trygg Trafikk får du rask leveranse. Utstyret vert administrert sentralt, og treng ikkje konfigurerast før utsending. Tenesten inkluderer alt ein treng av maskinvare, lisensar, drift, overvåking, varsling og garantihandtering.
I tillegg får du tilgong til ein eigen nettportal for monitorering og rapportering.
Dersom du treng det kan du få automatisk failover på 4G/LTE. Ved linjeutfall er bedrifta sikra tilgang til datasenteret, og det blir enklare å utføre feilsøking og varsling dersom ein opplever tregheit i systemet.
Ta kontakt for å finne ut korleis vi kan hjelpe bedrifta di
Senior produktrådgjevar
Tussa IKT