MDR-SOC 24/7: Sikkerheitsovervaking heile døgnet
Kontinuerleg overvaking, varsling og respons på kritiske sikkerheitshendingar.
Overvaking, varsling og respons i éi teneste
Overvaking
Fang opp mistenkeleg aktivitet frå kritiske system og loggkjelder.
Varsling
Få varsel når relevante eller kritiske hendingar blir oppdaga.
Respons
Kom raskare frå varsel til handling med avtalte rutinar for oppfølging.
Med MDR-SOC 24/7 får du
- Innsamling av loggar frå skymiljø, klientar og infrastruktur
- Microsoft 365, Microsoft Azure via Graph API og eventlogg på AD
- DNS, brannmur, Trygg klient eller annan EDR-løysing
- Trusseletterretning frå NTT sine omfattande dataanalysar av global datatrafikk
- Eigen portal med oversikt og rapportering
- Varsling heile døgnet og isolering av endepunkt ved kritiske hendingar
- Lagring av loggar i 12 månader
Hos Hagen AS er IT ein viktig del av både produksjon, sal, logistikk og kundebehandling. Sjå korleis MDR-SOC 24/7 er relevant for ei moderne produksjonsbedrift som treng oversikt, tidleg varsling og god beredskap.
Kva er MDR-SOC 24/7?
Dei fleste cyberangrep skjer utanfor normal arbeidstid. Tida det tek før hendingar vert oppdaga er kritisk for å setje i verk tiltak og unngå nedetid og økonomiske tap.
Tussa IKT si SOC-teneste gjev det du treng for å liggje i forkant av kritiske hendingar og angrep heile døgnet, året rundt. I samarbeid med vår partnar NTT Security hjelper vi kundane med å oppdage og handtere nye cybertruslar ved hjelp av maskinlæring, trusseletterretning og dei fremste sikkerheitsanalytikarane i Norden.
Analytikarane i SOC vil analysere, kategorisere og rapportere trusselhendingar, og isolere kompromitterte endepunkt og brukarkontoar etter avtalte kriteriar. Vi kan òg handtere truslar ved behov. For rask respons og profesjonell handtering tilrår vi òg tenesta Incident Response Team med 2 timar garantert responstid heile døgnet.
Tenesta inkluderer overvaking og analyse av aktivitetsloggar frå Microsoft Azure, Google Cloud Platform og AWS, samt klientar og infrastruktur.