Kva leitar du etter?

Lynraskt internett med Tussafiber

I tillegg til raskt og stabilt internett, får du den nyaste teknologien og topp kundeservice.

Hastigheit tilpassa dine behov

Ta kontakt med kundesenteret for å bestille, for å sjekke om vi har bygd ut eller har utbyggingsplanar for fiber i området der du bur.

Etableringpris på fiber kjem i tillegg for nye kundar. Du kan alltid oppgradere hastigheit kostnadsfritt.

TV

TV frå Telia

Sjå det du vil, der du vil, når du vil. Med Tussafiber får du pakkepris på eit stort utval TV-kanalar og strøymetenester, og tilgang til alt innhaldet på PC, nettbrett og mobil.

Møt breibandspatruljen

Problem med internett kjem oftast av dårleg WiFi-dekning, og kan skuldast hindringar og avstand frå ruter. Difor har vi ein eigen breibandspatrulje, som tek eksperthjelpa heim til deg.

Gode råd om trådlaust nett

Ein vanleg husstand har stadig fleire trådlause einingar, frå mobilar til smarte lyspærer. I tillegg har det blitt vanlegare med strøyming, speling og heimekontor. Dette set større krav til breibandet ditt enn nokon gong.

Breibandstelefoni

Stabil og påliteleg telefoni med gratis anrop til alle fasttelefonar i Noreg, inkludert naudnummer. Du må ha breibandsabonnement hos oss for å få breibandstelefoni. Kontakt kundesenteret for bestilling.

Internett via radiolink

Nokre stader der vi ikkje kan levere breiband via xDSL eller fiber, kan vi levere via radiolink. Radioantenna må monterast på husveggen din med fri sikt til den næraste sendaren vår. Kontakt kundesenteret for meir informasjon.

Koparnettet leggjast ned

Telenor har varsla om at koparnettet (telefonlinjene) gradvis vert fasa ut, og heilt stengt frå 15. desember 2022. Om det oppstår feil på linjene kan vi ikkje garantere at eigar av linjene (Telenor) tek kostnaden med reparasjon. Vi leverer difor ikkje nye breibandsabonnement over koparnettet. Ta kontakt med kundesenteret for å finne ut om vi har bygd ut fiber i området ditt.

Snakk med oss om fiber

9 av 10 husstander på søre Sunnmøre kan kople seg til fibernettet, og vi byggjer framleis ut fiber i nye område. Ta kontakt med kundesenteret for å bestille, for å sjekke om vi har bygd ut eller har utbyggingsplanar for fiber i området der du bur.