Kva leitar du etter?

Pexels cottonbro 5054213

Tussa Trygg Klient

Ein sikkerheitspakke som beskyttar dei tilsette både på kontoret, heime og på reise.

Trygg Klient frå Tussa IKT sikrar at dei tilsette sine einingar er sikra mot angrep, anten dei er på kontoret, heime eller på reise. Slik kan du avverge angrep og unngå at sensitive opplysingar kjem på avvegar.

Med denne tenesta sikrar du eininga mot malware, phishing, virus og vondsinna nettsider. Ved kritiske hendingar som krev oppfølging, vil vårt sikkerheitssenter ta kontakt for vidare oppfølging.

For mange bedrifter er IT-sikkerheit vanskeleg og uoversiktleg. Med Trygg Klient frå Tussa IKT kan du unngå ubehagelege og ressurskrevjande situasjonar.

Pexels cottonbro 5054213

Trygg Klient på reise

Tenesta kan nyttast både på PC, Mac, nettbrett og mobil. Dermed er bedrifta sine data også beskytta i usikre nettverk, og du unngår å få infiserte data inn igjen i bedriftsnettverket.

Pexels nataliya vaitkevich 5411997

Trygg Klient på heimekontoret

Med mange tilsette på heimekontor er det stadig viktigare å beskytte utstyret til dei tilsette mot angrep og vondsinna programvare.

BD 6565 4000

Trygg klient på kontoret

Trygg Klient sikrar dei tilsette sine PCar mot malware, phishing, virus og ondsinna nettsider.

Kontakt oss