Kva leitar du etter?

Frukostmøte i nye lokale

13.11.2023

I samband med opninga av det nye kontoret vårt på Moa i Ålesund, har vi gleda av å invitere nye og gamle kundar til frukostmøte 22. november kl. 08.00.

Besøk frå politiet og Axbit

Tema for møtet er digitalisering og sikkerheit - tema som er meir relevante enn nokon gong.

Tussa IKT vil difor, saman med vår digitale samarbeidspartnar Axbit, informere om det digitale trugselbiletet, og du får mellom anna vite meir om risikoen for cyberangrep, korleis bedrifta di kan sikre eigne data med enkle tiltak, og korleis du og bedrifta di best mogleg kan praktisere gode IT-sikkerheitsvanar.

I tillegg får vi besøk av Kjell Arne Hestad frå Møre og Romsdal Politidistrikt, som vil informere om kva kriminalitet som kan råke næringslivet i framtida.


Fullt program:

Kl. 08.00 - 08.30 Frukostpakkar blir servert inkl. kaffi og juice

Kl. 08.15 – 08.35 M&R Politidistrikt – Kjell Arne Hestad

Kl. 08.35 – 08.55 Azure – Tussa IKT – Øyvind Lislevatn

Kl. 08.55 – 09.15 Sikkerheit til frukost – Tussa IKT – Hallvard Almestad

Kl. 09.15 – 09.35 Microsoft 365 Copilot – Tussa IKT – Stian Hofseth

Kl. 09.35 – 10.00 Digitalisering i praksis – Axbit - Siw Bergsås

Adresse: Langelandsveien 35, 6010 Ålesund (Amfi Moa syd, 3. etg.)

Meld deg på

Eg aksepterer at Tussa IKT behandlar personopplysningane mine i samband med dette arrangementet. 
Eg ønskjer å motta informasjon opptil ein gong i månaden om Tussa IKT sine arrangement, produkt og tenester.