Kva leitar du etter?

Avtalevilkår for Tussafiber

Generelle abonnementsvilkår for privatkundar. Abonnementsvilkåra må vere lesne og godtekne før bestilling av tenestene våre.

1. Generelt

1.1 Desse vilkåra regulerer kunden (heretter kalla ”Abonnenten”) sin tilgang til og bruk av tenester og tilleggstenester levert av Tussa IKT AS (heretter kalla ”Leverandør”) eller formidla av Leverandør.

1.2 Bestilling av abonnement. Bestilling av abonnement og tenester via web, skriftleg eller munnleg er å sjå på som ein aksept av desse vilkåra. Dersom ein kunde tek i bruk Leverandør sine tenester utan at det er inngått nokon spesiell avtale, blir vedkomande sett på som å ha akseptert desse vilkåra. Er brukaren av tenesta under 18 år, er den pårørande som har signert kontrakten å sjå på som Abonnent. Med mindre anna er særskilt avtalt, er det ein føresetnad at Abonnenten er àjour med betaling av andre tenester frå Leverandør eller Tussakonsernet. Dersom ikkje anna er skriftleg avtalt, gjeld 12 månader bindingstid for tenesta.

1.3 Partar. Alle juridiske og myndige personar med fast bustad i Noreg der Tussa har utbygde fiberfelt, kan i utgangspunktet abonnere på Leverandør sine tenester. Abonnenteiningar som blir leigt i samsvar med desse vilkåra er berre tillate brukt i Abonnenten sin husstand. Abonnenten har ikkje lov å vidareselje eller vidareformidle leverte tenester til 3. part.

1.4 Kredittvurdering. Det vil bli gjort ei vanleg kredittvurdering av nye abonnentar som bestiller tenestene. Leverandør har rett til å avslå leveranse utan vidare grunngjeving.

1.5 Byte av Leverandør. Dersom Abonnenten ved inngåing av Avtale allereie abonnerar på tenester frå andre enn Tussa, må Abonnenten sjølv seie opp avtalen med eksisterande leverandør. Unntak er portering av telefonnummer ved bestilling av Telefoni.

2. Angrerett

Kunden har, i samsvar med angrerettlova, rett til å gå frå avtalar om leveranse av Tenester ved å gje Leverandøren melding om dette innan 14 dagar etter at den aktuelle avtalen, normalt via e-post, er bekrefta av Leverandøren. Melding om bruk av angrerett bør av omsyn til provføring vere skriftleg. Ved bruk av angrerett fell partane si plikt til å oppfylle avtalen bort. Kundar som har bestilt Tenester på annan måte enn ved telefonsamtale etter uoppmoda oppringing frå Leverandøren (”telefonsal”) og som mottek leveranse før angrefristen er over, pliktar ved bruk av angrerett å betale for etablering og motteke levering av gjeldande Teneste. Ved bruk av angrerett er Kunden ansvarleg for å tilbakelevere alt utstyr motteke frå Leverandøren i samband med den aktuelle avtalen. Kunden pliktar sjølv å bere kostnadene med retur av motteke utstyr. Etter at angrefristen er over, gjeld vilkåra for oppseiing som følgjer av punkt 6. Kunden skal sjølv bere kostnadene med å flytte til annan leverandør etter at Leverandøren har motteke bestilling frå Kunden. Dette gjeld uansett forhold/tvist mellom Leverandør og Kunde.

3. Prisar og betaling

3.1 Abonnementsprisar. Abonnenten betalar eingongs etableringspris, samt månadleg abonnementsavgift. Prisane går fram av Leverandør sine til ei kvar tid gjeldande prisliste. Etableringsavgift for vedkomande teneste skal betalast ved første faktura. Pris- endringar skal varslast i samsvar med punkt 3 (vilkår Internett) og 2 (vilkår Telefoni). Ved eventuell auke av prisane skal Abonnenten varslast skriftleg minst ein månad før endring trer i kraft. Varsel utsendt til Abonnenten si e-postadresse, SMS eller på faktura blir rekna som skriftleg varsel. Ved utløpet av ein kontrakt held Abonnenten fram med ei løpande kontrakt med eksisterande månadspris fastsett av tidlegare kjøpt type abonnement, dersom Abonnenten ikkje har avbestilt abonnementet. Abonnenten kan også velje å teikne ein ny tidsbestemt kontrakt.

3.2 Abonnementsavgift er den månadlege leigeavgifta for vedkomande tenester, utrekna frå det tidspunktet Abonnenteininga er installert, eller blir teke i bruk, og skal betalast forskotsvis for ein månad om gongen. Prisane for desse ytingane går fram av dei til ei kvar tid gjeldande prislistene frå Leverandør.

3.3 Ved val av autogiro blir det ikkje berekna fakturagebyr. Ved innkrevjing via bank-/ postgiro kjem fakturagebyr i tillegg.

3.4 Betaling skal skje seinast ved forfall som oppgitt på faktura. Ved betalingspåminning kjem purregebyr i tillegg, i samsvar med § 9 i inkassolova av 13.05.88. Leverandør kan forlange sikkerheit for betaling av avgifter. Ved forseinka betaling blir det rekna morarenter i samsvar med lov om forseinking av 17.12.76.

3.5 Stenging. Ved manglande betaling blir Abonnenteiningar stengt med ein gong, og blir ikkje opna før innbetaling er registrert hos Leverandør. Abonnenteiningane kan også stengjast dersom det er manglande betaling for andre tenester frå Leverandør. Abonnenten får ikkje frådrag i fastavgifta, for den tida Abonnenteiningar har vore stengde som følgje av manglande betaling. Tilsvarande stenging kan setjast i verk av Leverandør om det ligg føre misleghald som omtala i bokstav b til d nedanfor i vilkåra punkt 10 eller om Abonnenten har aktivitetar, under dette ”spamming”, distribusjon av uønskt innhald, innbrot og forsøk på innbrot, som kan gjere tenestekvaliteten dårlegare for andre brukarar. Ved stenging vil kunden bli informert av Leverandør. Dersom eit stengt samband blir gjenopna, vil det kome til eit gjenopningsgebyr ifølgje prisliste.

3.6 Leverandør har rett til å prisregulere Abonnementet med varsel ein månad på førehand. Abonnenten sin bruk av Tenesta etter at reguleringa har teke til, blir å sjå på som aksept av ny pris. Dersom Abonnenten ikkje godtek den nye prisen, har Abonnenten rett til å seie opp denne avtalen, jf. punkt 6.

3.7 Dersom Leverandøren blir pålagt nye eller auka offentlege skattar eller avgifter, private eller offentlege programavgifter, opphavsrettslege avgifter eller andre avgifter eller kostnader utanfor Leverandøren sin kontroll, kan Vederlaget bli endra med verknad frå iverksetjinga av pålegget.

4. Fakturering

Etableringspris vert fakturert saman med første fakturering av abonnement. Kundar vert fakturerte forskotsvis for faste avgifter. Ulike terminar kan avtalast i samsvar med dei til kvar tid gjeldande terminar, likevel alltid forskotsvis. Første faktura vil såleis dekkje etablering og abonnement frå tilknytingstidspunktet og fram til og med første heile termin etter fakturaforfall. Abonnementet vert fakturert frå den datoen Tenestene er gjort tilgjengelege for Kunden. Tilleggstenester kan fakturerast både frå Leverandøren og Leverandøren sine samarbeidspartnarar og kan ha eigne faktureringsrutinar. Forbruk vert fakturert månadleg etterskotsvis. Etterfakturering/avrekning kan bli gjort.

5. Betalingsplikt for kunden

Den som er registrert som Kunde hos Leverandøren, er ansvarleg for betaling av Tenestene som Leverandøren eller Leverandøren sine samarbeidspartnarar leverer i samsvar med gjeldande vilkår. Ansvaret omfattar også andre sin bruk av Tenestene, under dette uvedkomande sin bruk, dersom det ikkje kan påvisast at uvedkomande sin bruk er gjort mogeleg gjennom aktløyse frå Leverandøren si side. Betalingsplikt gjeld sjølv om levering er heilt eller delvis stengt i medhald av punkt 3.5.

6. Oppseiing

6.1 Abonnenten har bindingstid i samsvar med Vilkåra. Abonnenten kan seie opp avtalen med skriftleg varsel 1 månad på førehand rekna frå utløpet av den månaden oppseiinga vert meldt til Leverandøren. Dersom kunde er i bindingstid må Abonnenten betale oppseiingsgebyr i samsvar med gjeldande prisliste.

6.2 Når kunden har inngått avtale om levering av tenester i område som ikkje er bygd ut for fiber, kjem eit avbestillingsgebyr dersom kunden seier opp avtalen i perioda frå utløp av angrerettfrist og fram til tenesta er levert. Frå angrerettfristen går ut og fram til vedtak om utbygging er gebyret inntil kr 4500,-. Etter vedtak om utbygging aukar gebyret til inntil kr 9000,-.

6.3 Dersom Abonnenten ikkje godtek prisauke som nemnt i pkt. 3.6 har Abonnenten rett til å seie opp avtalen med verknad straks, ved at Abonnenteininga blir tilbakeført til Leverandør. Abonnementet blir belasta inntil Abonnementeininga er tilbakeført til Leverandør.

6.4 Leverandør kan seie opp avtalen med skriftleg varsel til Abonnenten 1 månad på førehand. Som gyldig oppseiingsgrunn skal alltid reknast at Leverandør ikkje lenger er i stand til å oppretthalde Abonnenten si tilknyting til nettet sitt.

6.5 Leverandør har rett til å seie opp avtalen med ein gong, eller mellombels stengje for tenesta, dersom Abonnenten opptrer i strid med gjeldande offentleg rettslege reglar for teletenester, eller grovt misbrukar tenesta, under dette nyttar tenesta til sjikane.

6.6 Leverandør har rett til å seie opp avtalen med ein gong dersom Abonnenten ikkje overheld vilkåra.

6.7 Ved tilbakeføring av Abonnenteining til Leverandør skal denne vere i den stand ho var ved leveringa.

6.8 Det blir ikkje gitt refusjon av etableringsavgift eller Abonnement ved oppseiing.

7. Overdraging

7.1 Overdraging frå Abonnenten. Abonnenten kan overføre abonnementet til ny abonnent ved å gi skriftleg melding om dette til Leverandør 6 veker før overdraging skal skje. Ny abonnent må overfor Leverandør stadfeste at vedkomande overtek pliktene. Overdraginga kan finne stad 6 veker etter at skriftleg stadfesting er motteke frå både overdragande og overtakande Abonnent. Ved dødsfall eller dersom Abonnenten har flytta frå husstanden og tidlegare sambuar/ektefelle har disponert abonnementet i minst eit år, kan overdraging av abonnement likevel finne stad utan omkostningar ved melding frå den som ønskjer å overta abonnementet. Abonnenten er forplikta av desse vilkåra inntil ny abonnent er registrert. I alle tilfelle er overdraging på vilkår av Leverandør si godkjenning. Overdraging av abonnement kan ikkje finne stad til ny adresse. Pkt. 2.5 i Vilkår for Tussa Internett må følgjast. Overdraging av abonnement vil bli fakturert i samsvar med gjeldande prisliste.

7.2 Overdraging frå Leverandør. Leverandør har rett til å kunne overdrage sine rettar og plikter knytt til abonnementet til ein annan eigna leverandør dersom dette ikkje er urimeleg for kunden.

8. Feil eller manglar ved produktet

8.1 Reklamasjon. Før feil blir meldt til Leverandør, bør Abonnenten undersøkje om feilen skuldast forhold på kunden si side. Dersom Abonnenten kan godtgjere at produktet ikkje fungerer slik Leverandør har gjort greie for at det skal gjere, må Abonnenten melde dette til Leverandør slik at Leverandør kan setje i verk tiltak for hjelp, sjå neste punkt. Abonnenten misser retten sin til å gjere ein mangel gjeldande dersom han ikkje gir Leverandør melding innan rimeleg tid etter at han oppdaga eller burde ha oppdaga mangelen.

8.2 Avhjelp. Leverandør skal snarast muleg etter å ha blitt kjent med ein mangel ved produktet levert av Leverandør, setje i verk tiltak for å rette på mangelen. Dersom Abonnenten på eige initiativ set i verk tiltak for å utbetre mangelen ut over det som måtte vere avtalt med Leverandør, betalar ikkje Leverandør desse utgiftene.

8.3 Erstatning

8.3.1 Direkte tap. Leverandør er ansvarleg for direkte tap som skuldast mangel ved tenesta. Dette gjeld likevel ikkje dersom Leverandør godtgjer at mangelen skuldast forhold utanfor Leverandør sin kontroll, og som Leverandør ikkje med rimelege grunnar kunne ventast å unngå eller overvinne følgjene av. Med direkte tap er meint nødvendige og dokumenterte meirutgifter som Abonnenten er påført som ein følgje av mangelen. Leverandør er også ansvarleg for skade som er gjort ved aktløyse av Leverandør på Abonnenten sin eigedom og eigedelar elles, ved montering, installasjon og kabelføring og som overskrid det som er nødvendig for monteringa.

8.3.2 Indirekte tap. Leverandør er ikkje ansvarleg for indirekte tap som følgje av manglar med mindre tapet er gjort ved grov uaktsemd eller forsett frå Leverandør si side. Som indirekte tap blir rekna:

a. tap som følgje av minska eller opphøyrt produksjon eller omsetning (driftsavbrot)

b. tap som følgje av at tenesta ikkje kan nyttiggjerast som tenkt (avkall)

c. tapt forteneste som følgje av at ein kontrakt med tredjemann fell bort eller ikkje blir rett oppfylt

d. tap som følgje av skade på anna enn utstyr levert av Leverandør og gjenstandar som utstyret blir brukt til framstilling av eller som har nær og direkte samanheng med bruken ein føreset for utstyret.

8.3.3 Leverandør sitt samla ansvar. Leverandør sitt samla erstatningsansvar er avgrensa til kr 5 000 for kvart tilfelle, med mindre tapet skuldast grov aktløyse frå Leverandør si side.

8.3.4 Abonnenten eller andre som har tilgang til utplasserte abonnementseiningar, er ansvarlege for tap og skade av utstyret. Ved tap eller uoppretteleg skade pliktar Abonnenten å erstatte utstyret, med ein sum i følgje prisliste.

8.3.5 Det blir ikkje gitt frådrag i Vederlaget ved avbrot eller forstyrringar som skyldast feil i Abonnenten sitt Nett eller feil eller skade gjort av Abonnenten eller nokon Abonnenten har ansvaret for. Ved slike feil blir Abonnenten belasta for serviceutrykking, ev. bestilt service.

8.3.6 Abonnenten må sjølv verne tele-og datautstyr mot uvedkomande. Leverandør er ikkje ansvarleg for tap som direkte eller indirekte kan tilbakeførast til uvedkomande sin bruk av tenesta hos Abonnenten.

8.4 Heving. Abonnenten kan omgåande heve avtalen ved vesentleg misleghald frå Leverandør si side.

9. Behandling av personopplysningar

9.1 Innhenting og bruk av personopplysningar. Ved bestilling av abonnement vil dei opplysningar som Abonnenten gir, bli lagra i Leverandør si kundebase. Det vil også bli innhenta kredittvurdering av kunden, jf. vilkåra punkt 1.4. Opplysningane blir lagra til bruk ved levering av tenesta, varsling i samsvar med vilkåra om Fakturering og punkt 3 i Vilkår Tussa Internett. Abonnenten vil på førespurnad kunne få opplyst kva for opplysningar Leverandør til ei kvar tid har lagra om Abonnenten, og krevje urette eller ufullstendige opplysningar retta.

9.2 Teieplikt. Leverandør og dei tilsette hos Leverandør har teieplikt om opplysningar vedkomande Abonnenten sin bruk av produktet og om innhaldet i Abonnenten sin kommunikasjon på nettet. Slike opplysningar kan likevel utleverast med Abonnenten sitt samtykke, eller gjevast til domstolane, påtalestyresmakta eller andre offentlege styresmakter når Leverandør er rettsleg forplikta til å utlevere slik informasjon.

9.3 Abonnenten kan reservere seg mot å bli kontakta av Leverandøren med siktemål for marknadsføring.

10. Heving

a. ikkje betalar etter andre gongs purring,

10.1 Leverandør kan umiddelbart heve avtalen og krevje Abonnementeiningar utlevert ved vesentleg misleghald frå

b. Abonnenten si side. Vesentleg misleghald kan for eksempel liggje føre dersom kunden; brukar utstyr som ikkje er typegodkjent,

c. brukar Tenesta i strid med offentleg rettslege reglar, eller

d. på annan måte grovt misbrukar tenesta, under dette ved brot på opphavsmenn sine rettar. Spreiing av barneporno, rasistiske ytringar og ærekrenkingar kan vere brot på offentleg rettslege reglar, medan krenking av opphavsrettar vil kunne vere både brot på offentleg rettslege reglar og brot på opphavsmannen sine rettar. Abonnenten blir fakturert for einingar som ikkje er levert i retur, i følgje prisliste.

11. Bruksrestriksjonar

Leverandøren har rett til å setje i verk tiltak som kan medføre avbrot, forstyrringar eller endringar i Tenestene som er å sjå på som nødvendige av tekniske, sikkerheitsmessige, vedlikehaldsmessige eller driftsmessige årsaker. Leverandøren er utan ansvar for kostnader eller tap som Kunden måtte bli påført som følgje av slike tiltak. Leverandøren vil gjere det han kan for å varsle om slike tiltak i god tid og gjere sitt beste for at ulempene for den enkelte kunde blir minst mogeleg. Om det av omsyn til grunnleggjande krav etter Ekomlova § 2-5 er nødvendig (liv, helse, nettintegritet m.m.), kan bruksavgrensinga gjennomførast utan førehandsvarsling, men slik at Kunden vert varsla omgåande etterpå. I naudsituasjonar, under dette force majeure, alvorlege truslar mot helse, tryggleik og/eller miljø, naturkatastrofar, krig eller krigsliknande tilstandar, omfattande streikar og lockout, og alvorleg fare for sabotasje mot nett og tenester, har Leverandøren rett til å gjennomføre avbrot eller avgrensingar i Tenestene, samt å avskjere tilgangen til Tenestene for nye kundar. Leverandøren er utan ansvar for alle tap, direkte eller indirekte, som Kunden måtte verte påført som følgje av nemnde tiltak. Dersom gjennomføring av vesentlege delar av avtalen er forhindra utover tre månader på bakgrunn av omstende som nemnt ovanfor, har kvar av Partane rett til å seie opp avtalen med umiddelbar verknad.

12. Tvist

Tvistar mellom Abonnenten og Leverandør skal partane prøve å løyse minneleg. Dersom tvisten ikkje let seg løyse ved forhand- lingar kan kvar av partane bringe tvisten inn for Brukerklagenemnda for elektronisk kommunikasjon, eller dei ordinære domstolane.

Avtalevilkår for internett

Tilknyting til breibandsnettet blir levert dersom Tussa legg fiber fram til bustaden til Abonnenten. Abonnenten leiger utstyr av Leverandør for tilgang til Leverandør sitt nett og overføring av avtalt teneste. ”Abonnenteining” betyr i desse vilkåra det utstyret som Abonnenten til ei kvar tid leiger frå Leverandør til bruk for tenesta levert gjennom Leverandør sitt nett.

1. Produktet

1.1 Internettilgang. Leverandør gir Abonnenten ein internettilgang via fiber med nærare avtalt kapasitet, og eit fibermodem. Internettilgangen er normalt tilgjengeleg heile døgnet, men driftsforstyrringar kan skje. Fibermodemet er Leverandør sin eigedom. Den skal berre koplast frå og returnerast om Leverandør ber om det. Leverandør er ansvarleg for å levere trådlaus funksjonalitet for internettaksessen, fysisk plassert i fibermodem. Plassering av fibermodem i boligen bør vurderast med tanke på både internt spredenett og trådlaus dekning, samtidig som ein tek høgde frå maksimal avstand frå skøyteboks. Abonnenten er sjølv ansvarleg for oppsett av trådlaus funksjonalitet på eige utstyr (sjå gjerne rettleiing i brosjyre frå Leverandøren) og eventuelt utviding av ytterligare trådlauspunkt for å dekke ønskja område i boligen. Linjehastigheit vil vere inntil den bestilte hastigheitsklasse på kopla linje. Internettilgangen skal leverast til ein definert megabit per sekund rate. Abonnenten må pårekne at effektiv linjehastigheit kan vere noko lågare enn definert hastigheita på grunn av signaltap på linja. Leverandør kompenserer etter evne signaltapet på linja, dersom ikkje anna er spesifisert, men særleg i periodar med stor belastning på nettet kan Abonnenten oppleve å få dårlegare kapasitet og hastigheit enn opplyst i prislista. Med bruk av trådlaust kan ein ikkje rekne med å få like høg kapasitet og stabilitet som med bruk av nettverkskabel.

Fiber blir lagt i luftstrekk eller i bakken alt etter kva som er føremålstenleg. Tussa har rett til å bestemme endeleg framføringstrase. Dette blir avtalt med kunde. Fiberen blir terminert i eit punkt på utside vegg. Internettilgang skal leverast til hussentral. Dette blir definert som overgangen mellom netteigar sitt nett og privat nett. Dette er plassert straks etter gjennomslag i mur/vegg til bygget der internettilgang er bestilt (’Grunnmursprinsippet’). Intern kabling som måtte vere nødvendig for å levere internett til bustaden er Abonnenten sitt eige ansvar. Om Abonnenten ønskjer framføring av nye kablar og kontaktar i samband med oppkopling eller installasjon av ruter må Abonnenten betale tillegg for dette, ut over etableringsprisen frå Leverandør, i samsvar med Leverandør eller underleverandør sine gjeldande prisar for dette.

Hussentralen kan igjen koplast til utstyr som mogleggjer bruk av TV, telefon e.l. Kunde må teikne eigne abonnement for å få desse digitale tenestene.

1.2 Leverandør vil halde nettverkskontroll og analyse av nettrafikk, og følgje interne prosedyrar for å måle tenestekvalitet, kapasitet og utstyrskvalitet for å sikre god kvalitet på tenestene levert til kunden.

1.3 Leverandør kan fritt endre omfanget på tilbodet og tekniske spesifikasjonar for produktet, men skal varsle Abonnenten om dette på førehand.

1.4 Leveranse. Ved bestilling av internettabonnement vil Abonnenten få oppgitt ein forventa leveransedato. Dersom venta leveranse blir endra vil Abonnenten få melding om dette samt ein ny forventa leveranse. Ved ei vesentleg forseinking av forventa leveranse kan kunden heve kjøpet jf. vilkåra punkt 8.4. Kunden skal gi melding om heving av kjøpet innan rimeleg tid etter at ei forseinking er meldt.

1.5 Graving. Kunde må grave ferdig grøft for fiberrør på eigen grunn. Grøfta må gå frå husvegg og fram til spesifisert punkt. Arbeidet med grøfta må gjerast innan oppgjeven frist. Dersom arbeidet ikkje er utført innan fristen, vil Tussa sin entreprenør utføre arbeidet for kunden si rekning utan ytterlegare varsel. Dersom kunden ikkje ønskjer å grave sjølv, kan han få Tussa sin entreprenør til å utføre arbeidet for kunden si rekning. Kostnadene med slike grøfter er eit avtaletilhøve direkte mellom Tussa sin entreprenør og kunden. Kunden er i alle høve ansvarleg for tilstelling av grøfta sjølv.

1.6 Installasjon. Abonnenten er ansvarleg for at teleutstyr som han, eller nokon han svarar for, koplar til Abonnenteininga, er godkjent. Abonnenten må ikkje gjere inngrep i Abonnenteininga eller i Leverandør sitt nett, under dette gjeld også omprogrammering av Abonnenteininga eller endringar i konfigurasjonen.

1.7 I samband med tilknyting til Leverandør sitt nett og installasjon av Abonnenteining har Leverandør fri rett til nødvendige installasjonar og linjeføring på, i og gjennom Abonnenten sin eigedom. Det blir ikkje ytt kompensasjon til Abonnenten for slike ulemper. Abonnenten må sjølv ordne og koste nødvendig framføring av elektrisk kraft (230V AC).

1.8 Fiber blir kopla til eit knytingspunkt på yttervegg. Ein hussentral skal koplast opp inne i huset. Ved pålegg frå Leverandør må Abonnenten gi Leverandør tilgang til lokala sine, i det omfanget det er rimeleg og relevant for Leverandør si oppfylling av kontrakten. Dersom installasjonen ikkje kan gjennomførast grunna forhold som skuldast Abonnenten, betalar Abonnenten kr 1500 for oppmøtet.

1.9 Om det, etter at Leverandør har meldt frå til Abonnenten at han kan levere tenesta, skulle vise seg at Leverandør likevel ikkje utan urimeleg bruk av ressursar kan levere tenesta eller ikkje utan urimeleg bruk av ressursar kan levere tenesta til fastsett tid, er Leverandør ikkje ansvarleg for tap Abonnenten lir som følgje av forseinka eller utelaten levering. Leverandør er heller ikkje ansvarleg for problem med bruk av tenesta eller anna som er ein følgje av inngrep i Abonnenteininga.

2. Rettar og plikter

2.1 Abonnenten sine rettar og plikter. Abonnenten er sjølv ansvarleg for alt tele-og datautstyr som i tillegg til Fibermodem og Abonnenteininga er nødvendig for å nytte Tenesta. Alle nødvendige endringar i eller utviding av Abonnenten sitt utstyr skal kostast av Abonnenten. Det same gjeld også ved endringar av spesifikasjonar i Leverandør si Abonnenteining. Abonnenten er ansvarleg for nødvendig straumuttak, maks. 1 meter frå der fibermodem og Abonnementeininga skal plasserast. Kunde er ansvarleg for internkabling mellom einingane. Utstyr som er fastmontert skal ikkje løysast eller flyttast på.

2.2 Abonnenten pliktar å halde Abonnenteininga forsikra til full verdi, og i samsvar med vanleg kombinert innbuforsikring.

2.3 Abonnenteininga er Leverandør sin eigedom, og er merka med dette. Merkinga må ikkje fjernast. Abonnenteininga kan ikkje seljast, leigast ut, lånast ut eller på annan måte overdragast, heller ikkje pantsetjast. Kunde pliktar å sikre trådlaust nettverk mot tilgang frå tredjepart. Vilkår for Tussafiber. Abonnementsvilkåra må vere lesne og godtekne FØR bestilling av tenestene våre.

2.4 Varsel

2.4.1 Abonnenten skal omgåande melde frå om adresseendring. Det same gjeld ved endring av bankgirokonto dersom betaling av Abonnementet skjer ved direkte belastning (autogiro).

2.4.2 Endringar som har verknad for abonnementet skal om mogleg meldast til Leverandør 6 veker før endringa trer i kraft.

2.4.3 Abonnenten er ansvarleg for tap og skadar på Abonnenteininga så lenge ho er i hans eige, og skal utan opphald varsle Leverandør dersom tap eller skade skjer. Skade på Abonnementeininga som er knytt til brann, lynnedslag, vasslekkasjar, flaum og liknande, er Abonnenten ansvarleg for. Dersom Abonnenten må ha ny Abonnementeining som følgje av dette, blir det fakturert gebyr i samsvar med gjeldande prisliste.

2.4.4 Leverandør sine rettar og plikter. Leverandør pliktar i størst mogleg grad å oppretthalde signaltilførselen til utgangen på Abonnenteininga. Tilgjengelegheit for Tenesta, opningstider for kontakt vedkomande feil samt feilrettingstider går fram av særskilt produktinformasjon tilgjengeleg på Leverandør sine web-sider.

2.4.5 Ved brot i signalførselen i Leverandør sitt nett har Abonnenten rett til forholdsvise frådrag i fastavgifta, dersom avbrotet varer i minst 48 timar etter at Abonnenten har meldt feilen til Leverandør.

2.4.6 Leverandør er ikkje ansvarleg for avbrot som skuldast forhold leverandør ikkje er herre over, t.d. arbeidskonflikt, offentlege reguleringar, krig, brann, lyn, straumbrot eller anna force majeure.

2.4.7 Frådrag for avbrot blir ikkje gitt dersom feilen skuldast utstyr tilhøyrande Abonnenten. Tilsvarande blir det heller ikkje gitt frådrag dersom feilen skuldast eller finst i Abonnenten sitt eige nett, og Abonnenten ikkje har avtale med Leverandør om service på denne delen av nettet.

2.4.8 Frådrag for avbrot blir heller ikkje gitt dersom Abonnenten sjølv har skuld i feil på Abonnenteininga eller andre delar av nettet.

2.4.9 Leverandør står fritt til å seie opp denne avtalen i samsvar med punkt 7 dersom dei offentlege rammevilkåra for overføring av teletenester i Leverandør sitt nett blir endra.

2.4.10 Dersom det blir forseinkingar i samband med leveransen til Kunden på bestilte abonnement som ikkje Leverandøren kan klandrast for, blir det ikkje gitt kompensasjon på månadsbeløp eller etablering. Heller ikkje noko anna form for økonomisk kompensasjon. Slike forseinkingar kan vere at 3.dje part ikkje greier å oppretthalde pliktene sine overfor oss som leverandør.

2.5 Flytting. Abonnenteininga skal berre nyttast på den adressa som er oppgitt på leigeavtalen. Abonnenteininga skal ikkje fjernast frå denne adressa utan skriftleg samtykke frå Leverandør, unnateke når det skal returnerast til Leverandør. Abonnenten kan ta med seg abonnementet dersom Abonnenten flyttar til ein bustad som har Tussafiber heilt fram til huset. Abonnenten må då betale ein flyttepris etter gjeldande prisliste. Dersom abonnementet ikkje blir flytta til Abonnenten si nye adresse og abonnementet ikkje blir overdrege, sjå eige punkt 7.1, må abonnementet seiast opp.

3. Endringar frå leverandør si side

3.1 Varslingsfristar. Vesentlege driftsforstyrringar som Leverandør kan sjå på førehand eller kontrollere, overdraging av kontraktsposisjon i medhald av vilkåra sitt punkt 7.2, endringar av vilkåra som ikkje er til kunden sin fordel, samt auke i prisane, vil bli varsla av Leverandør minst 1 månad på førehand. Også andre forhold ved tenesta som vedkjem Abonnenten vil bli varsla i rimeleg tid. Leverandør kan likevel late vere å varsle eller gi kortare varsel, dersom offentleg rettslege reglar eller omsynet til andre kundar, hindrar Leverandør frå å varsle minst 1 månad på førehand. Leverandør har rett til utan føregåande varsel å stengje Abonnenten sin tilgang til nettverket dersom Leverandør får kjennskap til at Abonnenten misbrukar tenesta til spreiing av barneporno, rasistiske ytringar, ærekrenking eller brot på opphavsrettar. Ved manglande betaling, vil tenesta bli stengt umiddelbart.

3.2 Varsel blir sendt til kunden si registrerte e-postadresse med mindre anna er avtalt.

4. Særskilte vilkår for internett-abonnement

4.1 Via Internett kan Abonnenten få tilgang til varer, tenester og transaksjonar som blir tilbode frå andre enn Leverandør. Leverandør har ikkje ansvar for slike varer, tenester eller transaksjonar, og det er Abonnenten sitt eige ansvar å sørgje for eventuell betaling av desse.

4.2 Det er likeeins Abonnenten sitt eige ansvar å sikre seg mot misbruk av kredittkort når dette blir nytta som betalingsmiddel via Internett.

4.3 Leverandør verken garanterer eller støttar noko produkt, tenester, transaksjonar eller innhald som blir distribuert eller reklamert for via tenesta, med mindre dette er uttrykkeleg uttrykt eller avtalt.

4.4 Leverandør kontrollerer ikkje informasjonen som blir sendt gjennom Leverandør sitt nett, og kan ikkje haldast ansvarleg for skade, manglar eller tap hos Abonnenten som skuldast slik informasjon.

4.5 Om nye tekniske standardar gjer det nødvendig å byte ut noverande Abonnenteining, sender Tussa ut ny Abonnenteining.

4.6 Oppstår det feil på Abonnenteininga, kan dette bytast fritt hos Leverandør så lenge denne avtalen gjeld, Abonnenten kan sjølv bringe og hente Abonnenteininga i samband med byte.

4.7 Dersom Abonnenten ønskjer å byte si Abonnenteining av andre årsaker enn teknisk feil, kjem det i tillegg eit gebyr for kontroll av innlevert Abonnenteining.

4.8 Ved oppseiing eller heving av denne avtalen skal Abonnenteininga straks leverast tilbake til leverandør.

Avtalevilkår for telefoni

Med ”Tenester” er det i følgjande tekst meint Telefoni-trafikk, samt tilleggsprodukt levert av Leverandøren eller Leverandøren sine samarbeidspartnarar. Tilknyting til Telefoni vert berre levert dersom det er teknisk mogeleg å levere til abonnenten.

Dersom Leverandøren ikkje kan levere bestilt produkt er bestillinga å sjå på som kansellert. Leverandøren er ikkje ansvarleg dersom leveringa vert forseinka eller utelaten som følgje av at Kunden ikkje har fått levert Internett. Dersom det av tekniske årsaker ikkje er mogeleg å levere Telefoni til Kunden, betalar ikkje Kunden noko for forsøket med mindre anna er avtalt.

1. Tenestene

1.1 Innhald. Leverandøren gir Kunden ei Telefoniteneste via internettet. Kunden er sjølv ansvarleg for at han har eit fungerande offentleg eller privat breibandssamband slik at terminalutstyret kan nyttast ved hjelp av standard Internettprotokollar. Telefonitenesta er normalt tilgjengeleg heile døgnet, men det kan skje driftsforstyrringar. Alt utstyr utlevert av Leverandøren er, om anna ikkje er avtalt, Leverandøren sin eigedom, og må returnerast av Kunden for eiga rekning ved endt kontrakt eller når Leverandøren ber om å få utstyret i retur, uavhengig av årsak. Kunden er sjølv ansvarleg for eige straumabonnement. Tenestene, under dette Telefoni, krev straum for å fungere.

Kunden er sjølv ansvarleg for eventuelt tilleggsutstyr i eige lokalt nett som er nødvendig for å nytte Tenestene. Kunden er ansvarleg for oppkopling og installasjon av terminalutstyret.

Telefonitenesta vert levert så godt som mogeleg. Leverandøren er ikkje ansvarleg for tapt arbeidsforteneste eller andre tap eller kostnader, dersom Tenesten ikkje er operativ. Skuldast feil urett bruk eller aktløyse frå Kunden si side eller nokon han svarar for, eller skuldast feil ytre påverknader, må Kunden sjølv koste feilsøking og reparasjon. Reparasjon av utstyr må berre utførast av Leverandøren, eller av ein reparatør som Leverandøren fastset.

Tenestene vert leverte til nettermineringspunktet (NTP). NTP vert definert som overgangen mellom netteigar sitt nett og privatnett. Dersom det interne telefonnettet er eigd av ein privat leverandør må Kunden sjølv få den private leverandøren til å kople breibandslinje vidare inn til ønskt stad. NTP kan vere plassert utanfor eller umiddelbart etter gjennomslag i mur/vegg til bygget der breibandstilgang er bestilt (Grunnmursprinsippet). Intern kabling og modifikasjon av telefonuttaket som måtte vere nødvendig for å levere Tenestene til bustaden er Kunden sitt eige ansvar. Om Kunden ønskjer framføring av nye kablar og kontaktar må Kunden betale tillegg for dette, utover etableringsprisen frå Leverandøren, i samsvar med Leverandøren eller underleverandøren sine gjeldande prisar for dette.

Leverandøren er ikkje ansvarleg for avbrot som skuldast tilhøve som Leverandøren ikkje er ansvarleg for, t.d. breibandssamband hos andre operatørar, Kunden sitt eige utstyr, arbeidskonflikt, offentlege reguleringar, krig, brann, straumbrot eller anna force majeure.

Det kan ikkje garanterast for at tenester som modem, faks og alarmar vil virke som for vanleg fasttelefoni. Ta kontakt med leverandøren dykkar for aktuell teneste for å få opplyst grensesnitt og bruksområde.

1.2 Nummerportering. Ved å inngå denne Avtalen og å krysse av for å behalde eksisterande nummer gir Kunden Leverandøren fullmakt til å bestille overføring av telefonnummer frå noverande leverandør, innhente nødvendig informasjon frå noverande leverandør og til å avbestille eventuelle tenester som er til hinder for overføring av nummer (såkalla nummerportering). Nummerportering vil tidlegast skje etter at angrefristen har gått ut, dvs. 14 dagar etter at bestillinga er motteken frå Kunden.

Kunden er sjølv ansvarleg for å seie opp eventuelle andre nummer og/eller tenester han ikkje skal ha før nummerportering vert bestilt av Kunden. Kunden er også ansvarleg for å gje opp korrekt informasjon slik at overføring av nummer kan gjennomførast korrekt.

Leverandøren er ikkje ansvarleg for feil eller manglar som oppstår som følgje av mangelfull eller feil informasjon frå kunden eller andre leverandørar eller som følgje av tilhøve som høyrer inn under andre partar sitt ansvar. Kunden skal ikkje sjølv seie opp abonnementet sitt hos noverande leverandør. Dette skal gjerast av noverande leverandør når han mottek bestilling av nummerportering frå Leverandøren i samsvar med dei reglar som gjeld for dette i Noreg. Dersom Kunden vel nye telefonnummer frå Leverandøren må Kunden sjølv seie opp det gamle abonnementet sitt hos noverande leverandør.

Dersom overføring av nummer ikkje kan gjennomførast innan normal tid har Kunden, uavhengig av årsak, ingen rett til kompensasjon ut over prisen for overføring.

1.3 Levering. Tenestene skal leverast innan rimeleg tid etter kjøpet, men er avhengig av at internett-tenesten er levert, dersom ikkje anna er avtalt. Kunden vil få oppgitt ei forventa leveringstid. Dersom levering ikkje har funne stad innan rimeleg tid etter leveringsdato, er leveringa forseinka. Ved ei vesentleg forseinking av forventa leveringsdato kan Kunden heve kjøpet, jf. vilkåra punkt 8.4. Kunden skal gje melding om heving av kjøpet innan rimeleg tid etter at ei forseinking har oppstått.

1.4 Kunden sin bruk av Tenestene. Kunden kan gje andre i sin husstand tilgang til abonnementet sitt. Kunden er ansvarleg for all bruk av Tenester knytt til eige abonnement og pliktar å sørgje for at uvedkomande verken elektronisk eller fysisk nyttar Kunden sitt abonnement til urettkome bruk av Tenester levert av Leverandøren. Tenestene kan ikkje seljast vidare. Kunden er sjølv ansvarleg for at IP-boksen ikkje vert teken med ut frå den faste adressa der nummeret er registrert. Dersom det vert gjort, medfører det at naudsentralen (110, 112 og 113) har feil informasjon om adressa det blir ringt frå.

1.5 Endeutstyr. For å sikre ei optimal oppetid på Tenesten, vil Leverandøren krevje at Kunden har internettaksess frå Leverandøren og at kunden dermed har aksessutstyr som tek høgde for NATfunksjon og handtering av taleprotokollar.

2. Varsel og endringar

2.1 Endringar frå Kunden si side

2.1.1 Varsel. Endringar som har betyding for abonnementet skal om mogeleg meldast til Leverandøren 6 veker før endringa trer i kraft.

2.1.2 Flytting. Kunden kan ta med seg abonnementet dersom Kunden flyttar til ein bustad med fibertilknyting. Kunden må då betale ein flyttepris etter gjeldande prisliste. Dersom abonnementet ikkje vert flytta til Kunden si nye adresse og abonnementet ikkje vert overdrege, sjå eige punkt 7, må abonnementet seiast opp i samsvar med punkt 6.

2.2 Endringar frå Leverandøren si side

2.2.1 Varslingsfristar. Vesentlege driftsforstyrringar som Leverandøren kan sjå på førehand eller kontrollere, oppseiing i samsvar med vilkåra punkt 6.3, overdraging av kontraktsposisjon i medhald av vilkåra punkt 7, endringar av vilkåra som ikkje er til Kunden sin fordel, auke i prisane, samt stenging i medhald av vilkåra punkt 3.5, vil bli varsla av Leverandøren minst ei veke på førehand. Også andre tilhøve ved Tenestene som vedkjem Kunden vil bli prøvd varsla i rimeleg tid. Leverandørenkan likevel unnlate å varsle eller gje kortare varsel, dersom offentleg rettslege reglar eller omsynet til andre Kundar hindrar Leverandøren frå å varsle minst ei veke på førehand.

2.2.2 Varslingsmåte. Varsel vert sendt til Kunden si registrerte e-postadresse med mindre anna er avtalt. Varsel om stenging kan også sendast saman med faktura eller brev til Kunden.

2.2.3 Kunden er ansvarleg for tap og skadar på Abonnenteininga så lenge ho er i hans eige, og skal utan opphald varsle Leverandør dersom tap eller skade skjer. Skade på Abonnenteininga som er knytt til brann, lynnedslag, vasslekkasjar, flaum og liknande, er Kunden ansvarleg for. Dersom Kunden må ha ny Abonnenteining som følgje av dette, blir det fakturert gebyr i samsvar med gjeldande prisliste. Kunden skal ha forsikring som dekkjer eit mogeleg ansvar for utstyret.

Avtalevilkår for digital-TV

Kunden blir kalla ”Abonnenten”, Get blir kalla ”Leverandøren” og Tussa IKT blir kalla ”Distributøren”. ”Utstyr” betyr dekodar,
modem, programkort eller anna utstyr som tilhøyrer Distributøren, og som er utlevert Abonnenten. Distributøren kan installere nødvendig Utstyr for Tenesta hos Abonnenten. Tenesta blir aktivert så snart leveransen er klargjort, men føreset at fiber er utbygd og levert på staden.

1 Abonnenten sine rettar og plikter

1.1 Abonnenten sitt Nett må til ei kvar tid tilfredsstille gjeldande reglar, og ein må ikkje kople til utstyr som ikkje er godkjent. Abonnenten er ansvarleg for at nett og utstyr ikkje gir forstyrringar i Distributøren sitt eller andre abonnentar sine nett.

1.2 Abonnenten er ansvarleg for alt utstyr, under dette både Utstyret og eige utstyr, som er nødvendig for å nytte Tenesta. Installasjon, service, endringar, oppgradering eller utskifting av slikt utstyr er Abonnenten sitt ansvar, også dersom dette skyldast nye tekniske standardar eller endringar Distributøren gjer i nettet sitt.

1.3 Abonnenten skal behandle Utstyret i samsvar med brukarrettleiinga. Det er ikkje tillate å gjere inngrep i Utstyret. Distributøren er ikkje ansvarlig for problem med bruk av Tenesta eller andre forhold som følgje av inngrep i, skadar på eller feilaktig bruk av Utstyret.

1.4 Utstyr som er installert i samsvar med Avtalen kan ikkje nyttast i næringsverksemd, og kan berre nyttast på, og ikkje fjernast frå, den adressa som er oppgitt i Ordrestadfestinga, eller som følgje av godkjent adresseendring. Abonnenten skal utan opphald gi melding om flytting til Distributøren.

1.5 Abonnenten skal sjå til at uvedkomande ikkje får nytte Utstyret eller får tilgang til Tenesta. Distributøren er ikkje ansvarleg for tap eller skade som direkte eller indirekte kan førast tilbake til uvedkomande.

1.6 Abonnenten er sjølv ansvarleg for at tenester som blir levert med personlege kodar, under dette passord og PIN-kodar ikkje blir misbrukt og må endre oppsette kodar til personlege kodar straks Tenesta blir teken i bruk. Abonnenten pliktar å betale for alle varer og tenester som blir bestilt eller blir bekrefta med eller utan personlege kodar. Kodar skal oppbevarast på forsvarleg vis slik at uvedkomande ikkje får tilgang til dei.

1.7 Utstyret er Distributøren sin eigedom og kan ikkje seljast, lånast ut eller på annan måte disponerast i strid med Avtalen. Abonnenten er ansvarleg for misbruk, tap eller skade på Utstyret og skal utan opphald varsle Distributøren om slike forhold. Abonnenten skal ha forsikring som dekkjer mogleg ansvar for Utstyret.

1.8 Transport av Utstyr til service, reparasjon, oppgradering eller innbyte er Abonnenten sitt ansvar, også dersom nye tekniske standardar gjer det nødvendig å oppgradere eller byte ut Utstyret.

1.9 Ved oppseiing, heving eller anna opphøyr av Tenesta skal Utstyret straks leverast tilbake til Distributøren. Dersom Utstyret ikkje blir levert tilbake kan Distributøren krevje erstatning. Vederlaget blir rekna inntil Utstyret er registrert tilbakelevert.

1.10 Abonnenten må ikkje forsere elektroniske sperrer, låsar, kodar eller på annan måte prøve å skaffe seg ugrunna tilgang til andre tenester, opplysningar, data, system eller anna som ikkje er meint for Abonnenten (jf. straffelova §§ 145 og 262). Abonnenten må heller ikkje nytte eller spreie informasjon som ikkje er berekna på Abonnenten. Abonnenten er ansvarleg for at mindreårige ikkje får tilgang til tenester, som på grunn av innhaldet sitt kan verke støytande eller skadeleg.

2 Leverandøren sine rettar og plikter

2.1 Leverandøren kan til ei kvar tid endre innhaldet i eller avslutte Tenesta. Vesentlege endringar kan bli gjennomført med varsel 1 månad på førehand. Endringar som skyldast forhold utanfor Leverandøren sin kontroll kan bli gjennomført umiddelbart.

2.2 Distributøren er ansvarleg for leveransen av Tenesta. Ved avbrot eller vesentlege forstyrringar i meir enn 2 virkedagar etter at Distributøren har motteke melding om feil frå Abonnenten, og som skyldast forhold Leverandøren eller Distributøren har ansvar for, kan Abonnenten krevje forholdsmessig frådrag i Vederlaget. Det blir ikkje gitt frådrag i etableringsavgift, vederlag for installasjon og levering av utstyr eller andre avgifter og gebyr. Abonnenten må omgåande melde feil til Distributøren.

2.3 Leverandøren og Distributøren er ikkje ansvarleg for avbrot eller forstyrringar som skyldast force majeure eller andre forhold som partane ikkje er herre over, t.d. arbeidskonflikt, offentlege reguleringar, straumbrot o.a. Det blir ikkje gitt frådrag i Vederlaget i slike tilfelle eller ved avbrot eller forstyrringar som skyldast feil i Abonnenten sitt Nett eller feil eller skade gjort av Abonnenten eller nokon Abonnenten har ansvaret for. Ved slike feil blir Abonnenten belasta for serviceutrykking, ev . bestilt service.

2.5 Dersom Abonnenten flyttar, kan Avtalen berre bli oppretthalden dersom Distributøren kan levere Tenesta på den nye adressa og Abonnenten ikkje er i misleghald. Flytting kan føre til endra Vederlag.

2.6 Distributøren verken garanterer eller støttar nokon produkt, tenester, transaksjonar eller innhald som blir distribuert eller marknadsført via Tenesta, og har ikkje ansvar for dette. Det er Abonnenten sitt ansvar å sikre seg mot misbruk av kredittkort når dette blir nytta som betalingsmiddel.

3 Misleghald frå Distributøren si side

3.1 Avvik i tenestekvalitet, eksempelvis ved forstyrringar, brot i leveransen eller andre forhold som fører til at Abonnenten ikkje mottek tilstrekkelege signal, blir sett på som ein mangel ved Tenesta. Dette gjeld ikkje dersom avviket skyldast Abonnenten, Abonnenten sitt Nett eller andre forhold Abonnenten har ansvaret for. Distributøren kan ikkje levere betre kvalitet enn det som følgjer av standarden på netta og kvaliteten på mottekne signal, og er ikkje ansvarleg for forstyrringar eller dårlegare kvalitet grunna slike forhold. Distributøren skal bli varsla omgåande dersom Abonnenten vil gjere gjeldande at Distributøren ikkje har oppfylt pliktene sine etter Avtalen.

3.2 Ved vesentlege misleghald frå Distributøren si side kan Abonnenten heve Avtalen.

3.3 Abonnenten kan krevje erstatning for direkte økonomiske tap han får, som skyldast mangel ved Tenesta. Dette gjeld likevel ikkje så lenge Distributøren godtgjer at mangelen skyldast hindring utanfor hans kontroll, og som han ikkje med rimelegheit kunne ventast å ha teke i betraktning på avtaletidspunktet eller å unngå eller overvinne følgjene av. Indirekte tap, avleia skadar/tap eller følgjeskader/tap blir ikkje erstatta i nokon tilfelle. Distributøren er heller ikkje ansvarleg for skade på Abonnenten sin person, tredjeperson eller gods. Distributøren sitt samla erstatningsansvar er i eit kvart tilfelle avgrensa til Vederlaget for 1 månad.

4 Misleghald frå Abonnenten si side

4.1 Ved vesentleg misleghald av Avtalen eller andre avtalar med Distributøren frå Abonnenten si side, kan Distributøren stenge Tenesta, ikkje oppdatere programkortet eller kople frå tilknytinga til Distributøren. Slik stenging kan skje straks og utan varsel.

Vesentleg misleghald gir også Distributøren rett til å heve Avtalen. Det same gjeld dersom ev. bustadsamskipnad er i vesentleg misleghald overfor Distributøren.

4.2 Som vesentleg misleghald blir rekna t.d. ulovleg inngrep i eller bruk av Utstyr, piratkopiering av kort, brot på eit eller fleire av vilkår for DigitalTV punkt 1 og 5, brot på offentlege reglar, misbruk eller forsøk på misbruk av Tenesta eller reglar for Tenesta, usømeleg åtferd, sjikane eller liknande. Betalingsmisleghald utover 14 dagar blir også rekna som vesentleg misleghald.

4.3 Dersom Distributøren hevar Avtalen, er Abonnenten forplikta til å betale alle forfalne og ikkje forfalne fakturaer, samt tilkomne Vederlag, avgifter og gebyr som ikkje er fakturert på hevingstidspunktet. I tillegg kjem avgift og gebyr for ev. henting av Utstyr, brot på bindingstid, erstatning for Utstyr eller anna tap ført på Distributøren, samt eventuelle renter og inkassogebyr.

4.4 Distributøren har etter at Tenesta er stengt, eller Avtalen er heva, rett til å nekte Abonnenten eller andre i Abonnenten sin husstand eller bufellesskap ny Avtale eller tilgang til Tenesta.

5 Særskilte vilkår for digital-tv

5.1 Abonnenten kan berre bruke Utstyret til private, ikkje-kommersielle formål innanfor husstanden.

5.2 Ved Pay Per View er Abonnenten pliktig til å betale for bestilt teneste, sjølv om sendinga (film, sport, e.l.) fell bort, med mindre bortfallet skyldast Leverandøren.

5.3 Programkort, PIN-kode og Årsavgift

5.3.1 Programkortet med tilhøyrande PIN-kode gir Abonnenten tilgang til Tenesta. Abonnenten kan berre nytte programkortet saman med det Utstyr som er registrert på Abonnenten.

5.3.2 Ved tap eller skade på programkort som skyldast Abonnenten, blir Abonnenten belasta eit gebyr for nytt programkort.

5.3.3 Årsavgifta blir belasta Abonnenten i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande satsar, og skal dekkje programkortadministrasjon, etablering/vedlikehald av dekodaren og oppdatering av Elektronisk Program Guide (EPG).

5.3.4 Programkortet blir oppdatert når innbetaling av Vederlag og Årsavgift er registrert hos Distributør seinast ved forfall. For oppdatering må Utstyret vere slått på og programkortet sett inn.