Ta kontakt med Tussa Installasjon for å bestille anleggskasse/ byggestraum. Du kan ringe oss eller fylle ut kontaktskjema, så svarar vi deg så snart vi kan.
Med ladestasjon installert i garasjen får du ei komfortabel og rask lading heime samtidig som du er trygg på at sikkerheita er optimal. Kva det kostar å montere opp ladestasjonen avhenger av kva type ladestasjon du ønskjer, det elektriske anlegget ditt, og kvar den skal monterast opp. Det er ikkje alltid like enkelt å gi ein pris på e-post eller telefon, sidan dei aller fleste slike jobbar er individuelle. Ta difor kontakt med oss for å avtale synfaring, så gir vi deg eit pristilbod.
Det er framleis mange som dagleg ladar elbil frå vanleg stikkontakt med ladekabel som følgjer med som standard. Dersom du ikkje har ladestasjon, bør du få ein elektrikar til å sjekke om det elektriske anlegget ditt tålar belastninga og at ladekontakten er i orden.
Ved bruk av stikkontakt for fast lading av elbil er det krav om jordfeilbrytar type B og maks 10A sikring på dedikert kurs. Brukar du vanleg stikkontakt er du pålagd å bruke godkjent strekkavlastning på ladekabel under lading. Sjekk stikkontakten ofte for skadar og misfarging frå varmgang.
Vakttelefonen gjeld for kritiske feil i det elektriske anlegget i huset ditt. Ring vakttelefonen dersom du treng hjelp utanfor ordinær opningstid. Ordinær opningstid er kvardagar mellom klokka 07.30 og 16.00. Vakttelefonen er bemanna heile døgnet også i helger, feriar og heilagdagar.
Det blir lagt til ekstra kostnader ved vaktutrykking.
Vakttelefonen gjeld berre for:
Kritiske feil i det elektriske anlegget i huset ditt
Er feilen på straumnettet, på kraftnettet utanfor huset ditt, må du ringe nettselskapet ditt. På Sunnmøre er dette Mørenett