Frukostmøte i Ålesund
 

Har alle eit ansvar for IT-sikkerheit?

 
Korleis kan kollegaene og medarbeidarane dine bidra i kampen mot cyberkriminalitet? Eirik Dalen jobbar med IT-sikkerheit i Secure Practice, og tek føre seg nettopp dette. Han er oppteken av å gjere den digitale verda tryggare.
 
Kor stort er omfanget av cybertrugslar, og kva metodar er ofte brukt? Har vi alle ansvar for IT-sikkerheit, og dersom ja: korleis kan vi løyse det på ein engasjerande og positiv måte? Desse spørsmåla og fleire vil vi svare på under frukostmøtet i Ålesund 7. oktober.
 
Vi vil presentere tenester som kan redusere den menneskelege risikofaktoren, og som også engasjerer og involverer kollegaene dine. Personvern er også ei problemstilling som er gjennomgåande i arbeidet med IT-sikkerheit, og som vi tek føre oss på møtet. 
 
Heimekontor og fleksible kontorløysingar stiller nye krav til IT-sikkerheit. Hallvard Almestad frå Tussa IKT presenterer "Trygg klient", eit nytt sikkerheitsprodukt for små og store bedrifter, som sørgjer for at dei tilsette sine einingar er sikra både på kontoret og heimekontoret.


Vel møtt til gratis frukostmøte!

 

Ålesund: 7. oktober kl. 08.00                                 
Quality Hotel Waterfront
 
 
 PÅMELDING
 
Vi har avgrensa tal med plassar så vent ikkje for lenge med å melde deg på.
Frukostmøtet er gratis og varer i om lag 1,5 time.
 

 

  

PROGRAM

 
08.00   
Oppmøte og frukost
08.30

Velkommen v/ Tussa IKT og Secure Practice

08.45
Har alle eit ansvar for cybersikkerheita, eller har vi ikkje det? 
Eirik Dalen, Secure Practice
09.15

Trygg klient frå Tussa.
Hallvard Almestad, Tussa IKT

 
 
 
Det vert god tid i etterkant av møtet for den som ønskjer ein prat med konsulentane våre, eller meir informasjon.