

Fekk oppleve magien med teknologien
12. mai inntok kundar, leverandørar og andre interesserte konferansesalen på NMK til Teknomagi 2025 – ein litt annleis teknologikonferanse.
Dagen starta med ein introduksjon av Ivar Driveklepp, administrerande direktør i Tussa IKT, som ønskja deltakarane velkomne på vegner av arrangørane Tussa og Nordea. Dette er tredje året Tussa og Nordea samarbeidar om denne konferansen, som dei to føregåande åra fann stad om bord på Havila Kystruten. I tillegg var også våre nære samarbeidspartnarar Fortinet og NTT Security med som sponsorar og bidragsytarar.
Temaet for konferansen i år var Teknomagi. Vi står no midt i ei ny bølgje av teknologisk utvikling, og det som for kort tid sidan vart rekna som framtidsvisjonar, er no ikkje berre realitetar - men moglegheiter. Gjennom dagen har vi blitt begeistra og inspirert, men òg sett korleis bedrifter i regionen vår kan ta i bruk teknologi som er tilgjengeleg for alle for å liggje i forkant av konkurransen.
Frå strategi til gjennomføring
Først ute var Camilla Tepfers, innovasjonsekspert og gründer av InFuture. Ho tok salen gjennom tre mentale sperrer som hindrer bedrifter frå å lukkast med å ta ut gevinst frå teknologiinvesteringar. På ein engasjerande måte viste ho korleis ein må evne å tenkje i nye baner rundt bedrifta si kjerneverksemd – det er ikkje nok å berre investere.
Deretter viste Asgeir Vikanes frå Rapid by OXX oss konkrete døme frå ulike bransjar på korleis AI-agentar kan brukast til å analysere store datasett og hjelpe oss til å jobbe meir effektivt.
Ein gløtt inn i framtida
Sjømatnæringa er ein av næringane som har vore avhengige av den teknologiske utviklinga for å lukkast til no, og som søkjer å løyse utfordringane bransjen no står ovanfor ved hjelp av teknologi. Sjømatanalytikar i Nordea, Finn-Arne Egeness, følgjer næringa tett i kvardagen, og ga oss eit innblikk i kva nyvinningar bransjen jobbar med i åra som kjem.
Pål Haugen og Michael Carroza i DigiCat demonstrerte kor enkelt det har blitt å ta i bruk KI-modellar og maskinlæring, med konkrete tips til deltakarane for å sjølv kome i gong. På tampen fekk vi også ein morosam demonstrasjon av virtuell røynd, der frivillige frå salen fekk "gå planken" frå ein skyskapar med VR-briller.
Cybersikkerheit når IT møter OT
Når IT og OT konvergerer og kommuniserer med kvarandre vert bedrifter meir sårbare. Robert Ståhlbrand frå NTT Security demonstrerte korleis dei samarbeidar med Tussa for å sikre både IT- og OT-miljøa. Trusselaktørane har blitt meir profesjonelle, og eit angrep får verkelege konsekvensar. Øyvind Dahl frå Fortinet viste oss forskjellane på IT- og OT-sikkerheit, og konsekvensane dersom uhellet er ute.
Vigleik Hustadnes, leiar for informasjonssikkerheit i Tussa tok salen gjennom viktigheita av å oppdage, avverge og handtere dataangrep så tidleg som mogleg.
Frå verdsrommet til Teknomagi
Deretter fekk vi høyre den unike historia til Jannicke Mikkelsen, Noreg sin første astronaut. Her fekk vi høyre ei inspirerande og ærlig historie om Jannicke sin veg til verdsrommet som fartøysjef på SpaceX-fartyet Fram2, i tillegg til at ho delte av sin kunnskap og erfaringar om teknologi, romfart og livet i verdsrommet.