
Indiefjord går for nye år med Tussa i ryggen
Då indiepopfestivalen Indiefjord feira 10 år sommaren 2024 var det ein tanke at dette kanskje var siste festivalen i rekka. 10 innnhaldsrike og gode år hadde det vore for festivalen. Så kom hausten og teamet hadde ny giv – kunne det bli eit ellevte år – og fleire etter det?
For å drive ein frivillegbasert festival som Indiefjord, med eit kveldslokale med begrensa plass til gjestar – og band frå heile verda – krevst det økonomisk støtte. For å få ei viss forutsigbarheit slik ein kan booke dei banda ein ønskjer og tenkje langsiktig ville det vere nyttig med ein avtale som strekkjer seg over lengre tid. Det var slik Tussa, som har vore med som samarbeidspartnar i fleire år, kom på banen.
Frå 2025 går Tussa inn som hovudsponsor for Indiefjord dei neste tre åra. Dette gjer at festivalen framleis kan booke band frå heile verda – og kunne stadig utvikle festivalen.
Støtte frå lokale aktørar avgjerande for festivaldrifta.
– Det er heilt fantastisk at Tussa vil inngå denne avtalen. Dei har i fleire år vore ein viktig støttespelar både økonomisk og med å heie på oss. For små festivalar som Indiefjord er støtte frå lokale bedrifter heilt avgjerande for vidare drift. Med støtta frå Tussa kan vi halde fram med å hente indiepopen til fjorden!
Dette seier John Haddal Mork, styreleiar i Indiefjord.
Også Tussa er nøgde med avtalen. Ann Kristin Einbu, kommunikasjonssjef i Tussa, kommenterer:
– Vi i Tussa er stolte over å kunne bidra til at ein festival som Indiefjord kan halde fram. Det lokale engasjementet, kombinasjonen av internasjonal musikk og bygdeliv, og den frivillige innsatsen som ligg bak, gjer dette til eit unikt arrangement vi gjerne støttar.
Mange internasjonale band på plakaten
Indiefjord 2025 går av stabelen 12. og 13. juli på Bjørke ved Hjørundfjorden. Det er fleire internasjonale artistar booka, som The Hidden Cameras frå Canada, PAWS frå Skottland og The Natvral frå USA. Heile bygda fungerer som scene denne helga. No går festivalen nye år i møte.