
Openheitsrapport for 2024
Tussa har publisert ny openheitsrapport, i tråd med krava i openheitslova. Rapporten gir innsyn i korleis Tussa jobbar med menneskerettar og sømelege arbeidsforhold.
Openheitslova skal fremje verksemder si respekt for grunnleggjande menneskerettar og sømelege arbeidsforhold i samband med produksjon av varer og levering av tenester. Lova skal også sikre ålmenta tilgang til informasjon om korleis verksemder handterer negative konsekvensar for grunnleggjande menneskerettar og sømelege arbeidsforhold.
Tussa gjennomfører aktsemdsvurderingar i tråd med openheitslova. Rapporten gjer greie for arbeidet vi har gjort for å redusere negative konsekvensar av aktivitetane våre, og aktivitetane til leverandørane og samarbeidspartnarane våre. Avdekte risikoområde og tiltak vert gjort greie for i rapporten.