17. mai

Følg høgdepunkta på nasjonaldagen direkte på Facebook og YouTube

Tussa vil vere til stades med kamerateam på markeringar i dei sju kommunane på søre Sunnmøre, og viser korps, paradar, helsingar frå ordførarar og russepresidentar og mykje meir i ei direktesending leia av Thomas Ryste, hjernen bak humorsuksessen og universet Klypa.

Vi i Tussa ønskjer å bidra til å skape ei god 17. mai-feiring og ein innhaldsrik dag ved å invitere til ei digital markering av nasjonaldagen. I samarbeid med 17. mai-komiteane på søre Sunnmøre har vi plukka ut høgdepunkt frå kvar kommune, som blir vist i ei direktesending på Facebook og YouTube. Delar av sendinga blir også vist på TV-kanalen Sunmøre Live. Thomas Ryste leier sendinga.
 

Send oss ei sjåarhelsing i form av bilete eller video av feiringa di

Ønskjer du å bidra til sendinga? Legg ut bilete- eller videohelsing på Instagram av korleis du feirar nasjonaldagen, og av markeringar der du bur, og bruk #tussa17mai. Dei som merkar helsinga si med hashtagen vår er med i trekkinga av fine premiar. Bidrag kan også sendast inn på e-post til 17mai@oclin.no.
 

Tussa med eige 17.mai-filter på Snapchat

For Snapchat-entusiastane har vi laga eige snapfilter til den store dagen. Sveip til venstre og finn Tussafilteret for å gjere bilda dine enda meir feststemte.
 

Sendeskjema

Programmet er under arbeid og vert oppdatert kontinuerleg fram mot 17. mai.
 
 Tid
  Kva skjer?
 Stad
07.55
 Salutt
 
 
 Traktorvekking
Eiksund
 
 Parade med Musikklaget Ulf
Ulsteinvik
 
 Prat med Jørn Egge
Volda
09:00
 Fantetog
Remøyholmen
 
 Russefrukost
Volda
10.00
 Studiosendinga startar. Vert: Thomas Ryste
Tussatun, Hovdebygda
 
 Ferjetur
Sande til Vanylven
 
 Song og blomsternedlegging       
Hareid
10.30
 Gudsteneste
Ulstein kyrkje
11.00
 Russefrukost
Ulsteinvik
 
 Korpsinnslag
Fiskå, Moltustranda, Ørsta
12.00
 Korpsinnslag
Volda sjukehus
 
 Bilkortesje   
Vanylven
 
 Korpsinnslag
Hasund
12.30 
 Korps og kor
Hareid
13.00
 Heile Noreg syng nasjonalsangen
Søre Sunnmøre
 
 Volda Blandakor
Volda sjukehus
 
 Korpsinnslag   
Ørsta
 
 Bilkortesje
Hareid
 
 Helsingar frå næringslivet   
Søre Sunnmøre
14.00
 Ulf korpslotteri   
Ulsteinvik
 
 Båtkonvoi   
Ulsteinvik
 
 Sykkeltog
Sande
 
 Bilkortesje
Ørsta
15.00
 Bilparade
Moltustranda
 
 Russebilkortesje
Ulsteinvik
16.00
 Bilkortesje
Volda
17.00
 Båtkonvoi
Remøy
 
I tillegg til LIVE-sendingar frå dei 7 kommunane på søre Sunnmøre krydrar vi dagen med:
  • Sjåarhelsingar, bilete og videoar som sjåarane har sendt til oss
  • Helsingar frå utflytta kjendisar
  • Tale frå ordførarane i dei 7 kommunane på søre Sunnmøre
  • Tale frå russepresidentane
  • 17. mai-talar
  • Softis på 17. mai
  • Besøk hos ambulansetenesta
  • Besøk hos politiet
  • Besøk hos Helse Møre & Romsdal
  • Kulsturskulen i Ulstein
  • Frisørbesøk i Vanylven
  • Songinnslag frå Ivar Åsen-tunet med Nordmannen skule-elevar
  • Bedriftsbesøk hos Fora Form
  • Naturbilete frå søre Sunnmøre
  • Bygdesong frå Moltustranda
  • Vi møter Gunnar Wiik - kajakk-kongen på ytre
  • Ervingen Blandakor
  • Helsing frå New York
  • Helsing frå offshore rederi
  • Musikk-video frå Hareid
  • Galten-video frå Folkestad
  • Tale for dagen ved 10. klasse på Folkestad ungdomsskule
  • Bilete frå Runde til musikk frå Høgskulen i Volda sitt orkester
 
 
 
Opptak av 17. mai-sendinga vår kan du sjå i etterkant både på Facebook-sida vår og på YouTube.

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice: 700 46 300