Tussa styrkar arbeidet med openheit og ansvar
Tussa har i 2025 styrka arbeidet med menneskerettar og ansvarlege leverandørkjeder. Rapporten etter openheitslova viser meir systematisk oppfølging, tydelegare krav, og at det framleis er utfordringar i globale verdikjeder.
Tussa har no publisert rapporten etter openheitslova for 2025. Rapporten gjer greie for korleis konsernet arbeider for å førebyggje og redusere negativ påverknad på menneskerettar og arbeidsforhold, både i eiga verksemd og hos leverandørar.
I løpet av året har Tussa vidareutvikla arbeidet med aktsemdvurderingar i tråd med OECD-modellen og styrka oppfølginga av leverandørkjeda. Det er innført tydelegare krav til leverandørar, og klima og berekraft er vekta høgare ved innkjøp.
Rapporten viser også betre oversikt over risiko i verdikjeda. Særleg er det peika på utfordringar knytt til konfliktmineral, arbeidsforhold i entreprenørbransjen og olje til bruk i produksjon av plastkomponentar. Samstundes er det krevjande å sikre full sporbarheit langt ned i leverandørkjedene.
Tussa ønskjer å vere ein pådrivar for ansvarleg næringsliv, og er oppteken av utvikling, samarbeid og å styrke kompetansen saman med leverandørane. Gjennom openheit, tydelege krav og tett dialog kan vi bidra til å auke merksemda om menneskerettar og ansvarlege leverandørkjeder, lære av kvarandre og drive fram forbetringar.
Tussa vil halde fram med å styrke arbeidet vidare, mellom anna gjennom tettare dialog med leverandørar, strengare krav og auka kompetanse i verdikjeda.