Spørjeundersøking på e-post
I november sender Tussa ut ei spørjeundersøking på e-post. E-posten inneheld ei lenke til ei spørjeundersøking. Det er Kantar som er avsendar av e-posten.
Vi ønskjer å undersøke omdømmet vårt, og sender difor ut ei undersøking der vi ber deg svare på kva inntrykk du har av Tussa. Undersøkinga er viktig for arbeidet vårt med å hjelpe kundane på best mogleg måte og tilby relevante produkt og tenester. E-posten blir sendt ut til privatkundar, bedriftskundar, leverandørar, styret, medarbeidarar og representantar for eigarane.
For å gjere det enklast mogleg å delta i undersøkinga må du klikke på ei lenke i e-posten for å delta i undersøkinga.
Det er Kantar som gjennomfører undersøkinga på vegner av Tussa, og er ansvarleg for datainnsamling, datahandsaming og rapportering av resultat. Data blir handsama konfidensielt, og alle svara er anonyme.
Undersøkinga blir sendt ut i november, og det blir sendt ut to påminningar på e-post til dei som ikkje har svart. Undersøkinga blir avslutta innan 15. desember.
På førehand takk for hjelpa!