Kva leitar du etter?

29a0d8be ccf4 4112 976f bbd2e50d62e0
Hallvard Almestad, produktsjef IT i Tussa IKT
IT-tenester

Copilot er i endring, og det gjeld også kostnadene

06.11.2026

Copilot har i hovudsak vore ein fast lisens per brukar. No kan KI-agentar og automatiserte arbeidsflytar gi kostnader basert på faktisk bruk. Då treng verksemda oversikt over bruk, kostnader og styring.

Fram til no har Copilot stort sett kosta ein fast sum per brukar i månaden. No innfører Microsoft løysingar der delar av kostnaden byggjer på kor mykje de faktisk brukar.

Døme på oppgåver og tenester som kan gi forbruksbaserte kostnader:

  • KI-agentar som utfører oppgåver automatisk
  • Eigne agentar laga i Copilot Studio
  • Koplingar mot andre system og datakjelder
  • Automatiserte arbeidsflytar og prosessar
  • Avansert bruk av KI-modellar utover vanleg Copilot-bruk

Ein KI-agent er eit program som utfører oppgåver på eiga hand. Han kan til dømes hente informasjon frå fleire system og setje saman eit svar. Kvar gong agenten køyrer, kan det koste pengar.

For leiinga betyr dette at KI må følgjast opp på same måte som andre skytenester. Lisensen er berre ein del av rekninga.

KI gjer gamle hol synlege

Når fleire tek i bruk Copilot, oppdagar mange verksemder at tilsette har tilgang til meir informasjon enn dei treng. Dokument er ofte delte for breitt, og sensitive data manglar klassifisering og vern. Mange har heller ingen retningslinjer for korleis dei tilsette skal bruke KI og KI-agentar.

Copilot skaper ikkje nødvendigvis nye risikoar. Copilot hentar svar frå alt brukaren har tilgang til, og difor kjem utfordringane som var der frå før, mykje tydelegare fram.

Slik kan vi hjelpe

Tussa IKT hjelper dykk med å få kontroll før utfordringane oppstår:

  • Kartlegging før Copilot (Copilot Readiness Assessment): sikkerheit, tilgangar og datakvalitet.
  • Gjennomgang av tilgangar og sikkerheit: SharePoint, Teams, dokumentdeling og sensitive data.
  • Styring av KI (AI Governance): retningslinjer for bruk av Copilot og KI-agentar.
  • Kostnadskontroll: oversikt over lisensar, forbruk og moglege kostnader framover.
  • Rådgiving og forvaltning: løpande støtte for sikker og effektiv bruk av Copilot.

Vi hjelper også med opplæring og innføring av Microsoft 365 Copilot.

Vårt råd

Copilot kan gi stor verdi. Dei verksemdene som lukkast best, har kontroll på data, tilgangar og kostnader før bruken aukar. Målet er at KI skal løne seg, utan uventa kostnader eller hol i sikkerheita.

Vil de vite kor godt førebudde de er for neste steg med Copilot? Ta kontakt med oss for ein gjennomgang.

Kontakt oss for ein gjennomgang

Dagfinrud Jan Olav web

Jan-Olav Dagfinrud

Salssjef IT

Tussa IKT

Send e-post

Namnet ditt
Oppgi fullt namn.
Fyll inn e-postadressa di, slik at vi kan svare deg.
Skriv meldinga eller spørsmålet ditt her.