Kva er Copilot, og kvifor bruke det på jobb?
Tid: Torsdag 26. november kl. 10:00
Stad: Microsoft Teams
Er du nysgjerrig på kunstig intelligens, men usikker på korleis du faktisk kan bruke det i arbeidskvardagen? I første webinar i Copilot-serien får du ei enkel og konkret innføring i Microsoft Copilot. Du treng ingen forkunnskapar om KI. Meld deg på i skjemaet under.
Copilot er Microsoft sin KI-assistent. Han kan hjelpe deg med å skrive, oppsummere, strukturere informasjon, utvikle idear og komme raskare i gang med oppgåver.
I webinaret ser vi mellom anna på:
- kva Microsoft Copilot eigentleg er
- korleis Copilot heng saman med Microsoft 365
- kva som skil Copilot frå andre KI-verktøy som ChatGPT og Claude
- konkrete døme på korleis Copilot kan hjelpe deg i arbeidskvardagen
- kva du bør tenkje på når KI skal brukast på jobb
Vi viser også Copilot i praksis, slik at du får eit betre bilete av kva verktøyet faktisk kan gjere.
For deg som er nysgjerrig på KI
Webinaret passar for deg som har høyrt mykje om KI og Copilot, men som framleis lurer på kva dette betyr for deg og arbeidskvardagen din. Kanskje har du allereie prøvd ChatGPT, Claude eller ei anna KI-teneste. Eller kanskje du ikkje har kome i gang i det heile.
Du treng ikkje vere teknisk, og du treng ikkje kunne Copilot frå før. Etter webinaret skal du ha ei betre forståing av kva Copilot er, kva det kan brukast til, og kva du bør tenkje på dersom verksemda di vil ta KI i bruk.
Første del av Copilot-serien
Dette webinaret er starten på ein serie der vi går frå det grunnleggande til meir praktisk bruk av Copilot. Seinare i serien går vi djupare inn i mellom anna Copilot Chat og Copilot for Microsoft 365, med konkrete døme frå verktøya mange brukar kvar dag.
Hallvard Almestad, produktsjef IT i Tussa, held webinaret.