Kva leitar du etter?

BD 6303red crop
Til å stole på, god kvalitet og solid kompetanse er nokre av tilbakemeldingane frå Tussa sine bedriftskundar.

Tussa med svært godt omdømme

06.01.2023

Breibands- og IT-kundane gir Tussa toppskår i ei omdømmeundersøking som vart gjennomført før jul.

Undersøkinga er gjennomført av Sentio Research på oppdrag frå Tussa, og det er Tussa sine bedriftskundar på produkta breiband og IT-tenester som har svart på undersøkinga. Samstundes er det gjort ei samanlikning med bedrifter på landsbasis.

Bedriftene gir ei svært god overordna vurdering av Tussa, med ein omdømmeskår på 78 av 100. Resultata viser at kundane har svært høg tillit til Tussa, at dei opplever at det er god kvalitet på Tussa sine produkt og tenester, og at leveransane dekkjer kundane sine behov.

Dette er eit svært hyggjeleg resultat og vi ser på det som ei stor tillitserklæring frå kundane våre.
Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT

- Vi utviklar stadig tenestene og produkta våre, og vil jobbe vidare for å gjere oss fortent til denne tilliten også i framtida, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.

God kvalitet på produkt og tenester
Tre område som peikar seg ut i særleg positiv retning er oppfatninga av Tussa som ein god arbeidsplass med dyktige medarbeidarar, at det er god kvalitet på produkta og tenestene Tussa leverer, og at selskapet tek samfunnsansvar og er til å stole på. På desse tre områda er omdømmeskåren rundt 80, noko som er svært høgt.

BD 0522
Tussa blir oppfatta som ein god arbeidsplass med dyktige medarbeidarar. Fotoet er frå Tussa løysingssenter, som får gode tilbakemeldingar i undersøkinga.

På same nivå som nasjonale aktørar
I undersøkinga er det også ei samanlikning med bedrifter nasjonalt, og Tussa skårar på same nivå som store, nasjonale leverandørar av breiband og IT-tenester.

Vekst i IT-sikkerheit
Dei siste åra har Tussa styrka tenesteområdet IT-sikkerheit med fleire produkt og fleire medarbeidarar. Det anerkjenner kundane, som meiner selskapet har særs god kompetanse på IT-sikkerheit, med ein omdømmeskår på 84 av 100 poeng.

- Vi har dei siste åra opplevd veksande og betydeleg interesse for IT-sikkerheit i marknaden, og har både profesjonalisert og utvikla nye sikkerheitstenester. Vi vart nyleg resertifiserte innanfor ISO 27001 sikkerheitsleiing, noko som stadfestar at vi har god risikostyring, kontroll og rutinar for informasjonssikkerheit, og for å avdekke og stoppe digitale trugslar, seier Driveklepp.

Vi takkar alle bedriftskundane våre som tok seg tid til å svare på undersøkinga!

BD 0331
Tussa har dei siste åra opplevd veksande og betydeleg interesse for IT-sikkerheit, og får svært gode tilbakemeldingar frå kundane. Her er IT-sikkerheitssjef Vigleik Hustadnes saman med adm. direktør Ivar Driveklepp.