NVE gir grønt lys for Tussa II kraftverk
NVE har godkjent detaljplanen for miljø og landskap og gitt løyve til dei elektriske anlegga som skal knyte Tussa II kraftverk til straumnettet. Vedtaket er ein viktig milepåle for utbygginga av det nye kraftverket på Bjørke i Volda kommune.
NVE godkjende 30. september detaljplanen for miljø og landskap for Tussa II og rehabilitering av dammen i Tyssevatnet. Samstundes har NVE gitt løyve til dei elektriske anlegga og nettilknytinga som skal knyte eksisterande Tussa kraftverk og det nye Tussa II kraftverk til regionalnettet ved Bjørke transformatorstasjon.
Prosjektet omfattar eit nytt kraftverk i fjellet, med tilhøyrande tunnelar, nytt inntak i Tyssevatnet og nettilknyting gjennom jordkablar til Bjørke transformatorstasjon. Tussa II skal etter planen setjast i drift i 2030.
Dette er ein merkedag for Tussa.
- Tussa II blir den største utbygginga vår sidan Tussa kraftverk vart bygt for snart 70 år sidan. Prosjektet vil bidra med auka kraftproduksjon og vesentleg auka effekt, slik at vi kan levere meir kraft når behovet er størst, seier Olav Osvoll, konsernsjef i Tussa.
I arbeidet med detaljplanen har Tussa gjort fleire justeringar etter innspel i høyringsrunden. NVE har stilt vilkår knytt til mellom anna landskapstilpassing, revegetering, dokumentasjon av anleggsområde og bruk av restaureringsbiologisk kompetanse for å sikre ei best mogleg gjennomføring av prosjektet.
NVE skriv i vedtaket at dei vurderer fordelane ved tiltaket som større enn ulempane. Direktoratet peikar også på at tiltaket vil gi auka installert effekt og bidra positivt til kraftsystemet.
Utbygginga vil gi betydeleg aktivitet i regionen gjennom fleire år. Tussa har engasjert både lokale og nasjonale leverandørar i prosjektet, og anleggsarbeidet vil skape oppdrag for ei rekkje verksemder i området.
Her kan du følgje bygginga av Tussa II
Vi deler jamlege oppdaterigar, foto frå anlegget og varsel ved særskilte aktivitetar i prosjektet.