Tussa Installasjon inngår rammeavtale med Norled
Tussa Installasjon har inngått ein ny rammeavtale med Norled om levering av elektrotenester til selskapet si omfattande maritime verksemd.
Eit nytt steg i satsinga på maritime elektrotenester.
Rammeavtalen omfattar elektrotenester til Norled sine fartøy og kaianlegg, inkludert service, vedlikehald, feilsøking, installasjon og leveranse av materiell. Arbeidet vil i hovudsak bli utført om bord på fartøy, ved kaianlegg og på verft, og skal bidra til å sikre stabil drift og vidareutvikling av Norled si maritime verksemd.
Femårig avtale med opsjon på forlenging
Avtalen gjeld i fem år, med moglegheit for årleg forlenging. Han er ikkje eksklusiv, men gir Tussa Installasjon høve til å konkurrere om avrop innan elektrotenester for Norled.
Styrkar satsinga på maritim elektro
For Tussa Installasjon er avtalen eit nytt steg i satsinga på maritime elektrotenester.
- Avtalen gir oss høve til å vekse vidare og styrkje kompetansen innan service og vedlikehald av fartøy, både tradisjonelle og elektrifiserte løysingar. Vi ser også fram til tettare samarbeid med ein av dei leiande operatørane i Noreg, seier Paul-Erik Rebbestad, sals- og marknadssjef i Tussa Installasjon.
Om partane
Norled er ein av Noreg sine største operatørar innan ferje- og hurtigbåtdrift, med ein omfattande flåte langs heile kysten.
Tussa Installasjon er ei av dei største elektroverksemdene på Nordvestlandet og leverer tenester til privatmarknaden, industri, maritim sektor og næringsmarknaden. Med høg fagkompetanse, lang erfaring og sterk lokal forankring bidreg selskapet til framtidsretta og miljøvennlege løysingar i regionen.