Kva leitar du etter?

BD 0741

Tussa leverer historisk sterkt halvårsresultat

28.09.2026

Tussa fekk eit resultat før skatt på 420,9 mill. kr i første halvår 2026. Høgare kraftprisar gav eit kraftig løft i resultatet frå kraftproduksjonen, samstundes som både IKT- og installasjonsverksemda leverte betre resultat enn året før.

Rekneskapen for første halvår 2026 syner eit driftsresultat på 340,7 mill. kr, opp frå 44,9 mill. kr i første halvår 2025. Omsetninga auka til 834,1 mill. kr frå 467,2 mill. kr året før. Resultatet etter skatt vart 257,1 mill. kr, mot 79,6 mill. kr ved same tid i fjor.

Tussa investerte 119 mill. kr i første halvår, og har ein estimert skattekostnad på 163,9 mill. kr. Av dette er 73,8 mill. kr overskotsskatt og 90,1 mill. kr grunnrenteskatt. Konsernet er eigt av kommunane Hareid, Herøy, Sande, Stranda, Stryn, Ulstein, Vanylven, Volda, Ørsta, KLP og Hornindal kraftlag.

- Vi er godt nøgde med resultatet første halvår. Tussa er eigt av kommunane i regionen, og når vi leverer gode resultat kjem verdiane tilbake til samfunnet gjennom skattar, investeringar og utbyte til eigarkommunane. Det er ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt, seier Olav Osvoll, konsernsjef i Tussa. 

Osvoll Olav web 3
Olav Osvoll, konsernsjef i Tussa

Kraftproduksjonen løfta resultatet

Driftsresultatet frå kraftproduksjon vart 314,9 mill. kr i første halvår, mot 26,2 mill. kr i same periode i fjor. Produksjonen var 406,7 GWh, noko lågare enn i fjor, men høgare kraftprisar gav eit vesentleg bidrag til resultatforbetringa.

- Kraftprisen for området vårt, NO3, er betydeleg høgare enn på same tid i fjor. Normalt fell prisen i 2. kvartal, men det skjedde ikkje i år. Årsaka er ein vinter med uvanleg lite snø i Sør-Noreg, noko som gav låg magasinfylling, forklarer Osvoll. 

God utvikling innan IKT

Tussa IKT fekk eit driftsresultat på 26,3 mill. kr, mot 20,4 mill. kr i første halvår 2025. Ved utgangen av halvåret leverte Tussa internett til 17 860 hushaldningar og 1 331 bedrifter, og det har vore vekst både i tal internett- og TV-abonnement.

Også innan IT-tenester steig omsetninga samanlikna med i fjor, mykje grunna auka sal av driftsavtalar og sikkerheitstenester.

- Det er god etterspurnad etter digitale tenester frå både privatkundar og bedrifter. Det gir eit godt grunnlag for vidare utvikling av tilboda våre, seier Osvoll.

Høgare aktivitet innan installasjon

Tussa Installasjon fekk eit driftsresultat på 10,7 mill. kr, mot 8,9 mill. kr i første halvår 2025. Omsetninga auka til 142,9 mill. kr frå 135,3 mill. kr året før. Veksten kjem særleg frå servicemarknaden og tavleproduksjon, og Tussa opplever god aktivitet innan serviceoppdrag for privatkundar og næringskundar.

Positive utsikter for resten av året

Kraftprisane har halde fram på eit høgt nivå gjennom sommaren, og terminmarknaden peikar mot framleis sterke prisar utover hausten. Utviklinga vil i stor grad vere avhengig av vêret og magasinfyllinga gjennom resten av året. Tussa ventar positiv utvikling innan IKT og installasjon, og ser føre seg gode bidrag frå eigarskapa i Linja og Istad.
 

Finans og rapportar

Tussa hentar hovudinntektene frå sal av vasskraft på den nordiske kraftbørsen. I tillegg kjem inntekter frå IT-tenester, breiband- og installasjonstenester.