Kva leitar du etter?

Bodil Molvik berekraftsansvarleg i Tussa Tussatun
Berekraftsansvarleg Bodil Molvik framfor Tussatun, ein av stadene der graset skal få gro.

Tussa let graset gro

05.06.2026

Tussa har starta eit pollineringsprosjekt ved fleire av kraftverka og kontora sine. Her skal graset få gro, noko som gir betre levekår for humler og andre pollinerande insekt. 

Tussa har sett seg som mål å bli naturpositive innan 2035. Eit tiltak på vegen er å la delar av plenane våre få utvikle seg til blomsterenger.
Bodil Molvik, berekraftsansvarleg i Tussa

Prosjektet startar ved kraftverka på Urke, Viddal og Nesset, i tillegg til hovudkontoret Tussatun i Hovdebygda. I praksis betyr prosjektet at Tussa parkerer grasklipparane, og legg til rette for at naturlege blomar får gro. Ferievikarar som tidlegare har hatt som jobb å klippe plen, vil sjå til at svartelista artar blir luka ut. 

I starten vil det sjå rotete ut

Tussa er førebudd på reaksjonar frå naboar og besøkjande. 

- Vi er klar over at dette ikkje vil sjå like strigla ut som ein kortklipt plen. Det vil ta tid før blomsterengene etablerer seg og blir frodige. Vi er spent på kva som kjem til å vekse opp av seg sjølv, og er også førebudd på å gjere tiltak med jorda eller å så frø for å få ei vakker eng. Der vi skal så, vil det vere med frøblandingar frå NIBIO, som er tilpassa landsdelen vår, forklarar Bodil Molvik. 

Del av eit større arbeid

Pollinerande insekt som bier og humler er viktige for både natur og matproduksjon. Bestandane av insekt har gått ned dei siste åra, mellom anna fordi leveområda deira forsvinn. 

- Når vi let blomar og gras få vekse, gir vi mat og vekseområde til viktige insekt. For Tussa er dette første steg i eit større arbeid med å styrke naturmangfaldet i verksemda. Vi forvaltar store areal, og ved å bruke desse med omtanke kan vi bidra positivt til naturen, utan å gå på kompromiss med drifta vår, seier Bodil Molvik. 

Vilt med vilje

Når vi let graset gro, tek vi vare på insekta og det biologiske mangfaldet rundt oss.

Blomsterenga på Nesset

Det nyrenoverte Nesset kraftverk ligg i vakre Snipsøyrdalen i Hareid kommune. No har Tussa sådd blomstereng rundt kraftstasjonen.