Blomsterenga på Nesset
Etter moderniseringa av Nesset kraftverk har Tussa no sådd blomstereng på uteområdet. Dette er eit tiltak for å leggje til rette for pollinerande insekt.
Nesset kraftverk i Snipsøyrdalen i Hareid kommune er nyleg modernisert med auka kapasitet og betre driftstryggleik. No har Tussa sådd til uteområdet med blomsterfrø, med mål om å etablere blomstereng og leggje til rette for pollinerande insekt og styrke naturmangfaldet.
Meir effektiv kraftproduksjon
Oppgraderinga av Nesset kraftverk inneber mellom anna ny turbin, generator, transformator og nytt kontrollanlegg. Dette har gitt kraftverket betre verknadsgrad og aukar årsproduksjonen frå om lag 2,5 GWh til rundt 4 GWh.
Det tilsvarar straumforbruket til om lag 150 einebustadar.
Samstundes er installert effekt auka frå 0,4 MW til rundt 0,9 MW, noko som gir betre utnytting av vassressursane og større fleksibilitet i drifta.
Tek vare på kulturhistoria
Nesset kraftstasjon vart sett i drift i 1947 og er eit kulturminne av regional verdi. I oppgraderinga er det difor lagt vekt på å ta vare på det historiske uttrykket.
Kraftstasjonen har fått eit tilbygg som rommar den nye turbinen og generatoren, utforma slik at det spelar saman med den eksisterande bygningen. Den over 100 år gamle turbinen står i den gamle maskinsalen, som eit synleg minne om lokal krafthistorie.
Blomstereng som del av oppgraderinga
Som del av arbeidet ved kraftverket har Tussa sådd blomstereng. Tiltaket inngår i eit større pollineringsprosjekt ved fleire av Tussa sine kraftstasjonar og kontorbygg. Målet er å gi betre leveområde for bier, humler og andre pollinerande insekt, som har fått redusert leveområde siste tiåra.
I følgje NIBIO kan blomsterenger og mindre intensiv skjøtsel av grøntareal bidra til å auke talet på plantar og insekt over tid, dersom områda blir forvalta på rett måte.
Vilt med vilje
Les meir om Tussa sitt pollineringsprosjekt. Vi parkerer grasklipparen og etablerer blomstereng ved fleire av kraftverka og kontora våre.