Kva leitar du etter?

Vilt med vilje

Velkommen til blomsterenga vår!

Når vi let graset gro, tek vi vare på insekta og det biologiske mangfaldet rundt oss.
Tussa har sett seg som mål å bli naturpositive innan 2035. Eit lite steg i den retninga er pollineringsprosjektet vårt. Ved fleire av kraftverka og kontora våre er vi i gang med å lage blomsterenger.

Kva gjer vi?

Vi parkerer grasklipparen og etablerer blomstereng på utvalde område. Dette legg til rette for humler, bier og andre insekt. Etter blomstringa, utpå seinsommaren, vil vi slå graset. Då blir graset liggande nokre dagar for å sikre god frøspreiing. Deretter ryddar vi vekk graset. 

Kvifor gjer vi det?

Pollinerande insekt er viktige for naturmangfaldet og matproduksjonen. Mange artar er i tilbakegang fordi leveområda deira forsvinn. Når vi sluttar å klippe graset får naturen kome tilbake, med blomster, insekt og større mangfald. 

Eit lite tiltak med stor effekt

Forsking viser at mindre klipping gir fleire blomster, fleire pollinerande insekt og lågare klimafotavtrykk. Dette er eit enkelt tiltak med stor samla effekt, og eit viktig steg i Tussa sitt arbeid med berekraft.

Kvar gjer vi det?

No i første omgang prøver vi å etablere blomstereng ved:

  • Urke kraftverk på Urke
  • Viddal kraftverk på Viddal
  • Nesset kraftverk på Hareid
  • Hovudkontoret vårt Tussatun i Hovdebygda

Kartutsnitt Urke
Urke kraftverk har om lag 1500 m2 grøntareal som kan bli blomstereng
Kartutsnitt Viddal
Viddal kraftverk har 900 m2 grøntareal som kan bli blomstereng
20260521 100335
På Nesset kraftverk er det sådd 500 m2 med blomsterengfrø

Blomsterenga på Nesset

Det nyrenoverte Nesset kraftverk ligg i vakre Snipsøyrdalen i Hareid kommune. No har Tussa sådd blomstereng rundt kraftstasjonen. 

Har du spørsmål om pollineringsprosjektet?

Ta gjerne kontakt!

Molvik Bodil web

Bodil Molvik

Berekraftsansvarleg

Tussa Kraft

Send e-post

Namnet ditt

Oppgi fullt namn.

Fyll inn e-postadressa di, slik at vi kan svare deg.

Skriv meldinga eller spørsmålet ditt her.