Kva leitar du etter?

Adobe Stock 561129510

Desse skulane fekk nettvettføredrag

24.09.2025

Tussa støttar kvart år 10 skular i Tussaland med nettvettføredrag med Barnevakten. Saman med Barnevakten bidreg vi til at barn og unge blir bevisste og trygge mediebrukarar. Hausten si fordelingsrunde er no gjennomført, og dette er skulane som fekk støtte.

Det var mange som søkte i haust, og Tussa har prioritert skular som ikkje har fått støtte til nettvettføredrag tidlegare, eller som det er lenge sidan fekk støtte sist.

  • Sæbø skule i Ørsta
  • Ulvestad skule i Volda
  • Einedalen skule i Herøy
  • Velle skule i Ørsta
  • Øyra skule i Volda

Skulane får sjølve velje føredrag frå Barnevakten sin føredragsmeny. Her er opplegg tilpassa både foreldre og barn, og føredraga handlar både om moglegheitene og utfordringane knytt til livet på nett.

I vår fekk Ytre Herøy ungdomsskule, Vartdal skule, barneskulane i Hareid og Tonning skule støtte.

Viktige kurs

Tussa er ein stor leverandør av internett i området, og ser det som ein del av samfunnsansvaret vårt å bidra til ein god oppvekst for barn og unge. Nettbruken veks, kommunikasjon og samhandling blir flytta over på digitale flater, og nettbruken blant barn er stadig problematisert og på dagsorden. Det aukar behovet for medvit kring skjermbruk både for barn og vaksne. Tussa oppmodar skular til å nytte Barnevakten sitt føredragstilbod, og inviterer skular til å søke om støtte også i 2026.

Søknadsfrist er 15. februar 2026.

Søk om nettvettføredrag

Korleis lære barn å ta smarte val på nett, mobil og i spel? Tussa samarbeider med den ideelle organisasjonen Barnevakten, og dekkjer kostnaden med føredrag om nettvett for inntil fem skular.