Kva leitar du etter?

IMG 8539 scaled q1uoq1tany01xggglj0pugzstyam32utz1sgbya68w
Bilete frå messa i 2022. Foto: Ulstein bustad- og fritidsmesse

Gaming og gode tilbod på Ulstein bustad- og fritidsmesse

13.04.2023

Skal du byggje hus, hytte, pusse opp, eller renovere bustaden? Eller er du interessert i e-sport? Til helga fyllast Ulstein Arena med utstillarar innan bustad og fritid. Stikk innom for ein hyggelig prat!

På bustad- og fritidsmessa møter du bankar, utbyggjarar og leverandørar innan bustad og fritid, som vil gje gode tilbod, rettleiing og nyttige råd. Her møter du òg Tussa som stiller med kundeservice, konkurransar og spelturnering.

Er du nysgjerrig på solcelleanlegg på huset ditt? Med solceller på taket reduserer du både straumrekninga og klimaavtrykket. Kom innom for ein prat, og finn ut om solceller er eit godt val for deg. Du kan òg kome innom standen vår og få eit godt messetilbod på el-kontroll.

Dersom du har utfordringar med trådlaus dekning i heimen din, kan du kome innom og få gode råd om WiFi og sjekke ut Premium WiFi-løysinga vår.

Vi har óg konkurransar på standen, der du mellom anna kan vinne ein Zaptec Go elbilladar.

Turnering i FIFA og Fortnite

I samarbeid med e-sportklubben Metizport tilbyr Tussa ein gaming-stand under bustadmessa. Her har vi sett opp Tussa sin maskinpark med fleire populære spel som store og små kan prøve, og få god rettleiing frå karane i Metizport.

Fredag er det FIFA-turnering, med plass til opptil 20 deltakarar. Laurdag arrangerer vi Fortnite-konkurranse med mykje spenning og moro. Søndag er Tussa og Metizport til stades og gir gode råd om e-sport og optimalisering av heimenettverket for gaming.

Meld deg på FIFA-turneringa her (avgrensa tal plassar).

I premiepotten ligg gåvekort på Elkjøp på 1000 kroner, i tillegg til pokal, heider og ære.

Vi ser fram til å møte deg på årets bustad- og fritidsmesse i Ulstein Arena!