Kva leitar du etter?

Vinn billettar til Arena LAN i Volda

25.09.2023

Haustferien er tida for LAN-party, og 6. oktober er det igjen duka for Arena LAN i Volda Campus Sparebank 1 Arena.

Tussa er stolt sponsor, og leverer lynraskt internett på 10 Gb/s til deltakarane denne helga. Difor har vi gleda av å dele ut billettar til fem heldige vinnarar.

I løpet av helga blir det turneringar, konkurransar, sosialt samvær og høve til å prøve både VR og racingsimulator.

LAN er ein stad der spelinteressert ungdom kan ta med seg sine eigne datamaskiner for å spele dataspel, delta i konkurransar (e-sport) og sosialisere med andre spelinteresserte. LAN har vore ein viktig del av norsk datakultur sidan 90-talet.

Meir informasjon om arrangementet finn du på Volda E-sport sine nettsider.

Konkurransen er no avslutta. Takk til alle som deltok.

Konkurransevilkår

Du deltek i konkurransen ved å sende inn svarskjema på denne sida. Vinnarane blir kåra tilfeldig blant deltakarane måndag 2. oktober. Vinnarane blir kontakta per e-post, og får tilsendt ei kode som gir gratis billett ved kjøp på geekevents.org. Vinnarane må sjølv opprette brukar og reservere plass. Spørsmål om arrangementet rettast til Volda E-sport. Vinnarane blir annonsert med namn i Tussa sitt nyheitsbrev. Tilsette i Tussa kan ikkje vere med i konkurransen.