Kva leitar du etter?

Adobe Stock 308650090 1

Desse skulane fekk nettvettføredrag

04.10.2022

Tussa støttar kvart år 10 skular i Tussaland med nettvettføredrag med Barnevakten. Saman med Barnevakten bidreg vi til at barn og unge blir bevisste og trygge mediebrukarar. Hausten si fordelingsrunde er no gjennomført, og dette er skulane som fekk støtte.

Det var mange som søkte i haust, og Tussa har prioritert skular som ikkje har fått støtte til nettvettføredrag tidlegare.

  • Møre barne- og ungdomsskule i Herøy
  • Sæbø skule i Ørsta
  • Nordsida skule i Stryn
  • Åmås friskule i Ørsta
  • Åheim skule i Vanylven

Skulane får sjølve velje føredrag frå Barnevakten sin føredragsmeny. Her er opplegg tilpassa både foreldre og barn, og føredraga handlar både om moglegheitene og utfordringane knytt til livet på nett.

Tidlegare i år fekk Fiskå skule, Haddal skule, Tonning skule, Larsnes oppvekstsenter og Ulstein ungdomsskule støtte.

Vidareført i 2023

Tussa er ein stor leverandør av internett i området, og ser det som ein del av samfunnsansvaret vårt å bidra til ein god oppvekst for barn og unge. Nettbruken veks, kommunikasjon og samhandling blir flytta over på digitale flater, noko som aukar behovet for bevisstheit rundt skjermbruk både for barn og vaksne. Tussa oppmodar skular til å nytte Barnevakten sitt føredragstilbod, og inviterer skular til å søke om støtte også i 2023.

Søknadsfrist er 1. februar 2023.

Søk om nettvettføredrag

Korleis lære barn å ta smarte val på nett, mobil og i spel? Tussa samarbeider med den ideelle organisasjonen Barnevakten, og dekkjer kostnaden med føredrag om nettvett for inntil fem skular på søre Sunnmøre og Stryn.