Tussa II
Nytt kraftverk på Bjørke
Prosjektsida er under oppbygging, og meir informasjon vil bli lagt til.
Tussa II kraftverk
Tussa byggjer eit nytt kraftverk i fjellet på Bjørke, parallelt med dagens Tussa kraftverk. Målet er å auke effekten i kraftverket, slik at vi kan levere meir kraft når samfunnet treng det mest.
Hausten 2026 startar Tussa å byggje vasskraftverket Tussa II på Bjørke. Bakgrunnen for prosjektet er endra behov i kraftsystemet, der etterspurnaden etter effekt, dvs. straum levert på bestemte tidspunkt der kraftbehovet er stort, har
auka.
Dagens Tussa kraftverk frå 1961 har avgrensa høve til å møte kraftbehova samfunnet har i dag.
Tussa II blir bygt som eit nytt og sjølvstendig kraftverk, parallellt med eksisterande anlegg. Utbygginga skjer innanfor gjeldande vassdragskonsesjon. Det betyr at
reguleringsgrensene i vassdraget ikkje blir endra, og at det ikkje kjem nye dammar eller nye overføringar.
Mesteparten av anlegget ligg inne i fjellet, og inngrepa på overflata er avgrensa til nødvendige bygg og anleggsvegar.
Prosjektet er utvikla over fleire år og byggjer på grundige tekniske, økonomiske og miljøfaglege vurderingar.
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt!
Arild Høydal
Sivilingeniør bygg
Tussa Energi
Frank Sanden
Prosjekt- og byggjeleiar
Tussa Energi