Kva leitar du etter?

Kon­ser­net Tussa

Tussa er eit leiande energi- og teknologikonsern på Nordvestlandet, med hovudkontor i Hovdebygda i Ørsta kommune. Konsernet er organisert med Tussa Kraft som morselskap, og omfattar fleire heileigde dotterselskap i tillegg til strategiske eigardelar i andre selskap.

Tussa Kraft

Tussa Kraft er morselskapet i Tussakonsernet, og yter tenester innan økonomi, finans, innkjøp, berekraft, personal, kontoradministrasjon og kommunikasjon til dotterselskapa. Tussa Kraft har hovudkontor i Hovdebygda i Ørsta kommune, og har 23 fast tilsette.

Tussa Energi

Tussa Energi har 28 heileigde vasskraftverk og er deleigar i eitt kraftverk. Kraftverka har ein samla gjennomsnittleg produksjonskapasitet på om lag 814 GWh i året. I tillegg til vasskraftproduksjon har Tussa Energi eit biobrenselanlegg. All krafta som vert produsert er fornybar og vert selt på den nordiske kraftbørsen NordPool.

Kart over kraftverka

Tussa Energi har 28 medarbeidarar og hovudkontor i Hovdebygda i Ørsta kommune.

Sunnmøre Energi

Sunnmøre Energi er eit reint produksjonsselskap med to mindre kraftverk som vert opererte av Tussa Energi. Selskapet har ingen tilsette.

Tussa IKT

Tussa IKT er ein totalleverandør av IT-tenester, og leverer løysingar basert på nettskya Azure og eigne datasentre i Ørsta og Sykkylven. I tillegg er selskapet ISO-sertifisert innanfor miljøleiing og IT-sikkerheit, leverer IT-sikkerheitstenester og har ein profesjonell servicedesk. Tussa IKT sitt fibernett dekkjer søre Sunnmøre, Stryn, Stranda og delar av Sykkylven, og det blir bygt ut fiber til husstandar og bedrifter.

Tussa IKT har 112 medarbeidarar og kontor i Ørsta, Ålesund, Sykkylven, Åndalsnes og Stryn.

Tussa Installasjon

Tussa Installasjon er ein leiande elektroentreprenør på Nordvestlandet. Selskapet har over 75 år med erfaring i bransjen, og tilbyr eit breitt spekter av elektrotekniske tenester til både privat- og bedriftskundar.

Tussa Installasjon har 108 medarbeidarar og avdelingar i Ørsta, Ulsteinvik, Fosnavåg og Stryn.

Linja

Linja er mellom dei største nettselskapa i landet, og er eit samarbeid mellom Tafjord Kraft, Sogn og Fjordane Energi (SFE) og Tussa Kraft. Tafjord Kraft eig 33,8 prosent, SFE eig 33,3 prosent og Tussa Kraft AS eig 32,9 prosent av aksjane i selskapet.

Linja.no

Wattn

Wattn er eit straumsalsselskap eigd av TAFJORD, Sogn og Fjordane Energi, Tussa og Sognekraft. Tussa sin eigardel i Wattn er 21,9 prosent.

Wattn.no

Istad

Istad er eit energikonsern med selskap i Romsdal og Nordmøre. Tussa eig 36 prosent av aksjane i Istad AS.

Istad.no

Eviny Solutions

Eviny Solutions er eit ingeniør- og entreprenørselskap innan elektrisk infrastruktur. Tussa eig 9,9 % av Eviny Solutions.

evinysolutions.no