Kva leitar du etter?

Tussa kraftverk
Skisse av portalbygget til Tussa II (Foto: Slyngstad Aamlid arkitekter)

Ja til milliardprosjekt på Bjørke

23.01.2026

Styret i Tussa vedtok torsdag 22. januar å gå vidare med planane om å byggje Tussa II kraftverk på Bjørke. Det nye kraftverket skal sikre stabil energiforsyning og møte regionen sitt behov for effekt i kraftsystemet.

Tussa vil investere 1,55 milliardar kroner i det nye prosjektet, som inneber å byggje eit nytt kraftverk i parallell med dagens Tussa kraftverk. Tussa II vil få ei installert effekt på 150 MW, mot 60 MW i dagens anlegg.

Historie og bakgrunn

Tussa vart skipa i 1949 for å sikre energiforsyninga og den industrielle utviklinga i regionen. Det eksisterande Tussa kraftverk, bygt i perioden 1957 til 1961, har vore ein viktig del av denne utviklinga, og har gjennomgått fleire moderniseringar, sist i 2018.

Det nye kraftverket vil byggjast og driftast uavhengig av dagens Tussa kraftverk. Det eksisterande anlegget vil gjennomgå naudsynt vedlikehald og tilpassingar for å kunne levere kraft på ny 132 kV-linje.

– Kraftverket har tent regionen godt i mange tiår. No er behova i kraftsystemet endra, og styret har vurdert at eit nytt kraftverk gir større verdi og betre risikoprofil enn ei omfattande vidare oppgradering av det eksisterande anlegget, seier Olav Osvoll, konsernsjef i Tussa.

 

Olav Osvoll, konsernsjef i Tussa

Tilpassar seg framtidas energibehov

Tussa har fått løyve frå NVE til å byggje kraftverket innanfor eksisterande vassdragskonsesjon. Går alt etter planen startar arbeidet sommaren 2026, og det er ei estimert byggjetid på 3,5 år.

– Tussa II vil bidra til stabil energiforsyning i ein kraftmarknad som i aukande grad er prega av uregulert kraft frå sol, vind og elvekraft. Med det nye kraftverket får vi meir effekt og slik kan vi produsere meir kraft i dei timane samfunnet har størst behov for det, seier Osvoll.

Tussa styret på Haukly
Styret i Tussa Kraft fatta vedtaket om Tussa II 22. januar 2026 på Haukly på Bjørke
IMG 87911
Styret i tilkomsttunellen til Tussa kraftverk
IMG 88451
Orientering ved kraftverksjef Terje Myklebust
IMG 88981
Styret på synfaring i Tussa kraftverk

Grundig utgreiing

Tussa har utvikla prosjektet sidan 2024, og valde tidleg i prosjektet ein samarbeidsmodell mellom dei fire hovudaktørane: byggherre Tussa Energi, entreprenør Aurstad, leverandør av elektro- og mekaniske komponentar Aker Solutions, og prosjekterande Norconsult.

Aktørane har saman utvikla løysingar, redusert risiko og utarbeidd prosjektet som no er vedteke. Mellom anna er HMS og berekraft nøye vurdert, og prosjektet blir gjennomført med elektriske anleggsmaskiner der det er mogleg, og med CO2-nøytralt drivstoff på den resterande delen. Det ligg også til grunn å nytte lågkarbonbetong der det er teknisk forsvarleg.

Nytt kraftanlegg i fjellet

Prosjektet inneber bygging av ny kraftstasjon og nye vasstunnelar, i hovudsak inne i fjellet, med avgrensa konsekvensar for natur og miljø.
Det skal byggjast veg frå Åkreåsen med tunnel opp i Tyssedalen, og eksisterande vegnett i fjellet skal nyttast i anleggsperioden.

– Det blir ingen endring i reguleringa av vassdraget, ingen nye dammar og ingen nye overføringar. Vi nyttar den eksisterande konsesjonen, understrekar Osvoll.

Samstundes vil dammen i Tyssevatnet bli oppgradert, for å møte strengare krav til damtryggleik, som følgje av klimaendringar og større dimensjonerande flaumar.

Til høgre i skissa ser du portalbygget til Tussa II og den nye vegstubben som vil kople seg på eksisterande anleggsveg. (Foto: Slyngstad Aamlid arkitekter)

Lokal verdiskaping

Utbygginga vil gi monaleg lokal aktivitet og ringverknader for nærmiljø og lokal industri. Tussa legg stor vekt på regional verdiskaping ved å nytte lokale entreprenørar og underleverandørar. Det er planlagt fleire tiltak som skal heve trivsel, tryggleik og folkehelse i nærmiljøet, til dømes gatelys, ny og kraftigare kai, gapahuk/dagsturhytte og samarbeid med DNT om ny hytte ved Tyssevatnet. Overskotsmasse er etterspurt til lokalt nyttige føremål.

Investeringa vil også trygge og auke verdiskapinga til Tussa, noko som aukar inntektene til vertskommunen Volda og Tussa sine eigarkommunar.