Kva leitar du etter?

20261014 110306

Første skuffetak på Tussa II

14.10.2026

Klokka 11.03 onsdag 14. oktober vart det første skuffetaket i Tussa II-prosjektet teke. Dermed er eit av dei viktigaste kraftprosjekta i Tussa si historie offisielt i gang.

Det var 18 år gamle Noah Lødemel Hansen, lærling i Aurstad, som fekk æra av å sitje bak spakane då arbeidet starta. På markeringa var også Ole Jørgen Mork. Han var 17 år då han starta som hjelpearbeidar under den første Tussa-utbygginga for snart 70 år sidan.

At dei to møttest denne dagen, sette eit historisk perspektiv på markeringa. Medan Mork var med då grunnlaget for dagens kraftproduksjon vart lagt, er Hansen med når neste kapittel i Tussahistoria tek til.

– Dette er ein merkedag for Tussa. Tussa II er den største utbygginga vår nokon sinne. Tussa II vil bidra med meir effekt når behovet for kraft er størst. Når anlegget står ferdig vil det produsere fornybar energi og skape verdiar i mange tiår framover, sa konsernsjef Olav Osvoll under markeringa.

20261014 111825
18 år gamle Noah Lødemel Hansen tok det første skuffetaket i Tussa II-prosjektet. På markeringa møtte han Ole Jørgen Mork, som var 17 år då den første Tussa-utbygginga starta for snart 70 år sidan.
20261014 110434
20261014 110535
20261014 110914

Følg Tussa II-utbygginga

Tussa byggjer eit nytt kraftverk i fjellet på Bjørke, parallelt med dagens Tussa kraftverk. Målet er å auke effekten i kraftverket, slik at vi kan levere meir kraft når samfunnet treng det mest.