Kva leitar du etter?

Spørjeundersøking på e-post

13.10.2024

I oktober sender Tussa ut ei spørjeundersøking på e-post til kundar av internett, TV og IT-tenester. E-posten inneheld ei lenke til ei spørjeundersøking. Det er Sentio Research som er avsendar av e-posten.

Vi ønskjer å undersøke omdømmet vårt, og sender difor ut ei undersøking der vi ber deg svare på kva inntrykk du har av Tussa. Undersøkinga er viktig for arbeidet vårt med å hjelpe kundane på best mogleg måte og tilby relevante produkt og tenester. E-posten blir sendt ut til privatkundar av produkta internett og TV, og til bedrfitskundar av produkta breiband og IT-tenester.

For å gjere det enklast mogleg å delta i undersøkinga må du klikke på ei lenke i e-posten for å delta i undersøkinga. Lenka er trygg å klikke på. Starten av lenka ser slik ut: https://svar.sentio.no/...

Det er Sentio Research som gjennomfører undersøkinga på vegne av Tussa, og er ansvarleg for datainnsamling, databehandling og rapportering av resultat. Data blir handsama konfidensielt, og alle svara er anonyme.

Undersøkinga blir sendt ut i oktober, og det blir sendt ut to påminningar på e-post til dei som ikkje har svart.

På førehand takk for hjelpa!