Vi inviterer til opning av Røyrhus kraftverk
13.10.2026
Laurdag 31. oktober inviterer vi til offisiell opning og open dag på Røyrhus kraftverk.
Tid: Laurdag 31. oktober kl. 13.00 til 15.00
Stad: Røyrhus kraftverk, i Røyrhusdalen mellom Grodås og Hellesylt
Vi inviterer samarbeidspartnarar, grunneigarar, naboar og alle andre interesserte til offisiell opning og open dag på Røyrhus kraftverk.
Program for dagen:
Opninga startar klokka 13 med at Olav Osvoll, konsernsjef i Tussa, ønskjer velkommen. Deretter vil ordførar Einar Arve Nordang trykke på knappen og setje kraftverket i drift. Det vert ope hus og servering av kaffi, kake og nysteikte Tussa-sveler.
Merk at det er få parkeringsplassar ved kraftstasjonen, og vi ber alle om å parkere langs Røyrhusvegen og ikkje langs fylkesvegen.
Velkommen!