Tussa skal opne fibernettet og gi kundane fleire val
Tussa har vedteke å opne fibernettet for andre tenestetilbydarar. Opninga vil etter kvart gi kundane større valfridom når det gjeld internett- og TV-tenester.
Styret i Tussa har fatta vedtak om å opne fibernettet for eksterne tenestetilbydarar, etter at Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) tidlegare i år justerte grensa for kva som blir rekna som ein regional aktør i marknaden. Grensa vart då sett ned til 15 000 hushaldningar og Tussa har ei fiberdekning som er høgare enn dette.
– Tussa har delteke i fleire høyringsrundar dei siste åra, og vi har vore tydelege på at vi er ein liten aktør i nasjonal samanheng. No når rammevilkåra er endra, følgjer vi opp med å opne nettet vårt, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.

Har bygt fiber til alle
Den sterke stillinga Tussa har i regionen heng saman med at selskapet over mange år har teke eit tydeleg samfunnsansvar. Det er bygt fiber i heile området, også i delar der det har vore krevjande å få lønsemd. I dag har alle innbyggjarar i regionen tilbod om å kople seg på fibernettet.
For oss har det vore viktig å tilby gode tenester gjennom eit robust og framtidsretta fibernett. Vi har tilbydt god kundeservice og bygt opp ein god beredskapsorganisasjon. Det ligg fast også når nettet blir opna.
Større valfridom for kundane
Ei opning av fibernettet vil etter kvart gi kundane fleire leverandørar å velje mellom når det gjeld internett- og TV-tenester. Som lokal leverandør er det viktig for Tussa at kvalitet, tryggleik, rask feilretting og lokal kundeservice blir ivareteke. Dette er ein berebjelke i Tussa sitt tilbod.
– Som lokal leverandør kjenner vi kundane og området vårt godt. Det er avgjerande for oss at opninga skjer på ein måte som sikrar stabile tenester, beredskap og ei god kundeoppleving, både for sluttkundar og for innhaldsleverandørar, seier Driveklepp.
Dialog med Nkom om gjennomføring
Tussa er no i dialog med Nkom om korleis opninga av fibernettet skal gjennomførast i praksis. Arbeidet er omfattande og krev mellom anna etablering av ein grossistfunksjon, utvikling av tekniske og administrative løysingar, utforming av grossistprodukt og prismodellar, avtaleinngåing med tilgangskjøparar og grundig testing før kommersiell lansering.
– Vi startar no arbeidet med å utarbeide ein tidsplan for opninga. Målet er ei trygg, føreseieleg og profesjonell gjennomføring som gir verdi for kundane, seier Driveklepp.
Fiber til 99,9 prosent
I løpet av 2026 får dei siste 22 husstandane fiber.