Tussa byggjer ut fiber til dei resterande adressene på søre Sunnmøre
Tussa har signert avtale med Møre og Romsdal fylkeskommune om utbygging av fiber til 22 husstandar i seks område fordelt på fire kommunar: Hareid (Brandal), Sande (Skredestranda), Volda (Dalsbygda) og Ørsta (Bureisavegen, Aksla og Steinnes). Målet er å starte utbygginga til våren og vere ferdig i løpet av 2026.
Tussa får tildelt offentlege midlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune for fiberutbygging til desse områda. Tildelinga av offentleg stønad er gjort gjennom ei politisk handsaming i Kompetanse- og næringsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune, og er eit tiltak som skal bidra til at alle får tilgang til fiber.
Samla stønad frå Møre og Romsdal fylkeskommune er 6 mill. kroner.
Fiber til heile søre Sunnmøre
Med denne utbygginga sikrar Tussa at dei siste adressene på søre Sunnmøre får tilgang til fiber.
- Tussa har, sidan vi starta fiberutbygginga i 2009, bygd ut fiber til 99,9 prosent av bustadane på søre Sunnmøre. Det er gledeleg at vi kan bidra til at også siste rest får tilgang til internett med høg hastigheit. Godt internettsamband er viktig for å oppretthalde busetnaden på bygdene, og naudsynt for å kunne nytte dei mange digitale tenestene som veks fram, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
