

Tussa og Axbit inngår strategisk samarbeidsavtale
Dei to IT-selskapa utfyller kvarandre, og saman vil dei levere software og IKT-tenester til kundar regionalt og nasjonalt.
Intensjonen er å utvikle felles kundetenester og ha eit større produkt og tenestespekter. Selskapa vil tilby skreddarsaum og hyllevare innan teknologisk infrastruktur, IT-drift, IT-sikkerheit, softwareutvikling og integrasjon med Microsoft 365- tenester og andre softwareplattformer.
- Samarbeidet kjem kundane til gode gjennom langsiktige og trygge kundeforhold, der begge selskapa vil bidra i heile utviklingsløpet for kunden. Vi vil saman bidra til at regionale og nasjonale kundar blir digitalt og teknologisk sterkare rigga og meir innovative i både drifta si og den vidare utviklinga, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
Samarbeidsavtalen vart signert 29. august. No planlegg selskapa fleire arrangement. Det første er under Hub for Ocean i Florø 14. september. 5. oktober inviterer dei til kundearrangement i Molde.
- Axbit og Tussa IKT utfyller kvarandre og operer i same marknadsområde, men utan å vere konkurrentar. No ser vi fram til å møte nye og eksisterande kundar, og saman bidra til innovasjon og utvikling.
Om Axbit
Axbit er eit softwareselskap som jobbar med moderne teknologi og innovative system og plattformer for kundar som ønskjer å digitalisere og innovere verksemda si. Selskapet sitt mål er å vere ein strategisk samarbeidspartnar og hjelpe kundane med å effektivisere, automatisere og sjå nye moglegheiter ved hjelp av digitale verktøy. Axbit har konsulentar og kontor i Molde, Ålesund og Gdansk.
Om Tussa IKT
Tussa IKT leverer komplette og fleksible bedriftsløysingar basert på nettskya Microsoft Azure, IT-tenester frå eige datasenter, IT-sikkerheitstenester og ein profesjonell servicedesk. Selskapet sitt breibandsnett dekkjer søre Sunnmøre og Stryn, og det blir bygt ut fiber til hushaldningar og bedrifter. Selskapet har kontor i Ørsta, Ålesund, Åndalsnes og Stryn.
Tussa IKT er eit dotterselskap i Tussakonsernet. Tussa sin visjon er å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar. Tussa er ISO 14001-sertifisert innanfor miljøleiing. I tillegg er Tussa IKT sertifisert i ISO 27001, informasjonssikkerheit.