

Søstrene Mel fekk berekraftsstøtte til spel
Rett før ferien fordelte Tussa berekraftsmidlane til seks gode, berekraftige prosjekt i regionen. Ein av mottakarane er Søstrene Mel og sjøormen, ei teaterframsyning som handlar om den sagnomsuste sjøormen i Hornindalsvatnet. Gjennom musikk, song og humor set spelet søkjelys på viktige tema som identitet, bygdekultur, klima og miljø.
Lokal talentutvikling og interesseskaping er viktige mål for produksjonen. I tillegg skal spelet skape gode møteplassar for nærmiljøet og Sunnmøre-regionen. Det skal vere eit høve til å møtast på tvers av generasjonar, og leggje til rette for samarbeid, utvikling og innovasjon.
Det finst fleire viktige grunnar til at Søstrene Mel mottek støtte frå Tussa sitt berekraftsfond. Spelet er med på å auke medvitet og set søkjelyset på konsekvensar av marin forsøpling, og bidreg dermed til miljøvennlege haldningar hos publikum og dei involverte. Sosial berekraft er og ein naturleg del av dette. Spelet løftar fram eit sterkare lokalsamfunn ved å involvere menneske på tvers av næringsliv, organisasjonar, frivillige lag og utdanningsinstitusjonar. Ei kulturell sysselsetjing som skapar liv i bygda og fremjar buvilje i området.
Om Tussa berekraftsfond
Tussa berekraftsfond er ei støtteordning for lokale lag og organisasjonar som ønskjer å verte meir miljøvennlege og berekraftige. Tussa berekraftsfond skal motivere til gode tiltak og støtte lokale lag og organisasjonar i å gjennomføre prosjekt som fremjar berekraftig utvikling. Dette kan vere prosjekt som har ein tydeleg miljøvinst, men dei kan også adressere sosiale utfordringar eller andre av FN sine berekraftsmål.
Gjennom fondet deler Tussa ut inntil 200 000 kroner i året. Støtta blir gitt som eit eingongsbeløp og ikkje over fleire år. Maksimalt beløp er 50 000 kr.
Mottakarar av Tussa berekraftsfond i 2025
I 2025 fekk desse laga og organisasjonane støtte gjennom Tussa berekraftsfond:
- Brandal Velforening i Hareid:
Installere varmepumpe, oppgradering av elektrisk anlegg, lys og stikkontaktar for å gjere Pakkhuset tryggare og betre eigna til arrangement. - Fairtrade Volda og Ørsta:
Lokale aktivitetar i samband med nasjonal kampanjeveke (13.–19. oktober 2025) for å fremje rettferdig handel, med særlege aktivitetar for barn og unge. - Gjerdsvika IL i Sande:
Oppgradere sikringsskap og skifte ut gamle lyskjelder til LED i klubbhuset, for tryggleik, miljø og betre lys. - Kvamsøy IL i Sande kommune:
Gå frå fossil traktorklippar til elektrisk robotklippar for vedlikehald av fotballbanen, slik at barn og unge har ein møtestad for aktivitet. - UL Fram på Åheim i Vanylven:
Renovering av ungdomshuset frå 1926 med ny kledning, vindu og isolasjon. Dette sparar straum og bevarer eit av landets best bevarte ungdomshus. - Søstrene Mel i Hornindal i Volda:
Ny produksjon av utespelet Søstrene Mel og sjøormen. Familieframsyning som handlar om klima, miljø, kultur og identitet, der profesjonelle og frivillige samarbeider.