Tussa berekraftsfond
Støtteordning for lokale lag og organisasjonar som ønskjer å verte meir miljøvennlege og berekraftige.
Tussa berekraftsfond skal motivere til gode tiltak og støtte lokale lag og organisasjonar i å gjennomføre prosjekt som fremjar berekraftig utvikling. Dette kan vere prosjekt som har ein tydeleg miljøvinst eller særskilte prosjekt som adresserer sosial berekraft.
Gjennom fondet deler Tussa ut inntil 200 000 kroner i året. Støtta blir gitt som eit eingongsbeløp og ikkje over fleire år. Maksimalt beløp er 50 000 kr.
Søknadsfristen er 1. mai.
Du søkjer ved å fylle ut skjema nedst på sida. Søknader som kjem inn etter fristen blir handsama i neste tildelingsrunde.
Desse kan søkje:
- Frivillige lag/organisasjonar som er registrert med organisasjonsnummer eller tilhøyrer ein medlemsorganisasjon
- Høyrer heime i ei av kommunane Hareid, Herøy, Sande, Stranda, Stryn, Ulstein, Vanylven, Volda og/eller Ørsta
- Prosjektet må gi ein miljøvinst eller adressere sosial berekraft
- Vi prioriterer lag og organisasjonar som driv aktivitet retta mot barn og unge, men andre kan også bli valt ut dersom prosjektet er godt
Krav til søknaden:
- Plan og budsjett for prosjektet må vere vedlagt
- Søkjar må gjere greie for korleis Tussa kan vise igjen i samband med prosjektet
Krav til dokumentasjon:
- Før utbetaling av midlar skal prosjektet dokumenterast i form av ein sluttrapport som inneheld ei oppsummering av arbeidet. Rapporten skal sendast til Tussa, som kan bruke innhald frå rapporten (foto og opplysingar) i eigne kanalar etter nærare avtale
Vi støttar ikkje:
- Offentleg verksemd eller aktivitetar som er det offentlege sitt ansvar
- Enkeltpersonar sine prosjekt
- Religiøse eller politiske organisasjonar