Kva leitar du etter?

Adobe Stock 421468956

Søk om støtte til nettvettføredrag

26.08.2022

Korleis lære barn å ta smarte val på nett, mobil og i spel? Tussa oppmodar skulane til å bruke Barnevakten sine føredrag, og vil dekke utgiftene for inntil fem skular på søre Sunnmøre og Stryn. Søk innan 15. september 2022.

Samfunnet vert stadig meir digitalt. Nettbruken veks og den sosiale kommunikasjonen blir i stadig større grad gjennomført digitalt. Det aukar behovet for bevisstheit rundt skjermbruk både for barn og vaksne. Dei nye medievanane gir nye moglegheiter for utvikling og læring, men også nye utfordringar. Ikkje minst stiller det nye krav til foreldre, som skal rettleie og hjelpe barna til å bli trygge brukarar av internett.

Bidrag til sunn oppvekst

Som lokal leverandør av breiband, straum, IT- og installasjonstenester tek Tussa samfunnsansvar, og ønskjer å bidra til ein god oppvekst for barn og unge. Difor oppmodar Tussa skulane på søre Sunnmøre om å bruke Barnevakten sine føredrag. Tussa vil dekkje utgiftene for inntil fem skular.

Ulike føredag

Barnevakten tilbyr fleire ulike føredrag og i ulike former, både fysisk og digitalt. Alle føredraga blir gjennomførte med lokal føredragshaldar frå søre Sunnmøre, og vert tilpassa skulen sine ønskjer så langt det let seg gjere.

Oversikt over Barnevakten sine føredrag

Nokre viktige tema som blir gått igjennom på føredraga er: Fakta om mediebruk, nettmobbing, sosiale media, medieskapt utsjånadspress, foreldrerolla, gleder og utfordringar, speling og e-sport, grensesetjing, skjermtid og aldersgrenser.