Kva leitar du etter?

Tussa Installasjon avdeling Stryn juni 2023

Stryn Elektro er no del av Tussa Installasjon

01.06.2023

Stryn Elektro (SEAS) er no ein del av Tussa Installasjon. Vi er dei same folka som før, berre med ny logo på brystet, og du finn oss i lokala våre i Tonningsgata 27 i Stryn.

Det var i desember 2021 at det vart kjent at Stryn Elektro (SEAS) og Tussa Installasjon slo seg saman. No er fusjonen gjennomført, og dei seksten medarbeidarane i Stryn går på jobb som Tussamedarbeidarar.

For kundane er den mest synlege endringa at Tussa sin logo vil pryde kontorbygget, bilane og kleda til medarbeidarane i Stryn. Folka er dei same som før, og vi leverer tenester innanfor dei fleste elektrotekniske fagområda, som før. Bestill elektrikar hos oss når du skal starte på nybygg eller renovering - eller om du berre skal setje inn nye stikkontaktar. Vi hjelper deg med alt frå små serviceoppdrag til store, komplekse prosjekt.

Naturleg med etablering i Stryn

- Vi ser det som naturleg å etablere oss i Stryn. Det er god aktivitet i marknaden i Stryn og Nordfjord, og vi vil levere tenester både til privatpersonar, bedrifter og til prosjektmarknaden. Nærleik til kundane er viktig, og med kjøpet av Stryn Elektro har vi fått dyktige tilsette som kjenner marknaden godt. Stryn Elektro har skapt gode resultat og har hatt positiv resultatutvikling over tid. Vi er glade for å ha dei med på laget, seier Roar Stenersen, adm. direktør i Tussa Installasjon.

Avdelingar i Stryn, Ørsta, Fosnavåg og Ulsteinvik

Tussa Installasjon er den største og mest komplette elektroentreprenøren i distriktet, med 110 medarbeidarar fordelt på avdelingar i Ørsta, Ulsteinvik, Fosnavåg og Stryn.