Kva leitar du etter?

Spørjeundersøking på e-post

13.09.2022

14. september sender Tussa ut ei spørjeundersøking på e-post til alle breibandskundar, og til bedriftskundar på IT og kommunikasjon. E-posten innheld ei lenke til spørjeundersøkinga, og det er Sentio Research som er avsendar.

Vi ønskjer å undersøke omdømmet vårt, og sender difor ut ei undersøking der vi ber deg svare på kva inntrykk du har av Tussa. Undersøkinga er viktig for arbeidet vårt med å hjelpe kundane på best mogleg måte og tilby relevante produkt og tenester.

Det er Sentio Research som gjennomfører undersøkinga på vegne av Tussa, og er ansvarleg for datainnsamling, databehandling og rapportering av resultat. Data blir handsama konfidensielt, og alle svara blir anonymiserte.