Opning av nytt kontorbygg i Fosnavåg
Tussa sitt nye kontor- og forretningsbygg ligg på Mjølstadneset i Fosnavåg. Bygget på om lag 900 m2 gir rom for vidare vekst for Tussa Installasjon og Tussa si satsing i Herøy.
Auka aktivitet i Herøy
Tussa Installasjon har dei siste åra auka aktiviteten i Herøy kraftig, og selskapet ser store moglegheiter i marknaden. Tussa Installasjon er i dag den største og mest komplette elektroentreprenøren i distriktet, med avdelingar i Ørsta, Ulsteinvik, Fosnavåg og Stryn.
- Dei eksisterande lokala våre i Fosnavåg sentrum vart for små, og var ikkje optimale for oss og vekstplanane til selskapet. På Mjølstadneset er vi sentralt plassert, og vi har fått eit fleksibelt og smart forretningsbygg som også vil bli brukt av andre selskap i Tussakonsernet, seier Roar Stenersen, adm. direktør i Tussa Installasjon.
Bygget inneheld kontorplassar, garderobar og lager, og det er lagt stor vekt på miljøvennlege løysingar. Mellom anna vil eit solcelleanlegg forsyne lokala og elektriske varebilar med fornybar energi.
Lokale leverandørar
Tomta er på 3,2 mål og er kjøpt av Baro Industrieiendom AS, med opsjon på å kunne kjøpe meir areal. Bygget er teikna av Bucci Arkitekter AS, og Prosjektbygg har vore totalentreprenør.
Tussa legg vekt på å nytte lokale leverandørar når det er mogleg, og i tillegg til Prosjektbygg er det valt lokale leverandørar på tekniske fag, maskinentreprenør, arkitekt og byggingeniør.
- Miljøperspektivet er viktig for Tussa. Det er ingen grunn til å leggje opp til lange reiseavstandar når vi har dyktige leverandørar lokalt som leverer arbeid av svært høg kvalitet. I tillegg ønskjer vi å bevare arbeidsplassar og fagmiljø i regionen, så dersom vi kan gjere noko for å byggje kvarandre sterkare, er det positivt, seier Stenersen.
Leverandørar:
- Totalentreprise: Prosjektbygg
- Tekniske fag: Fosnavåg Rør, Egset Ventilasjon og Tussa Installasjon
- Maskinentreprenør: Aurvoll og Furesund
- Arkitekt: Georg Grimstad i Bucci Arkitekter og design
- Rådgjevande byggingeniør: Conplan
Ordføraren kutta kabelen
Det var ordførar i Herøy kommune, Bjørn-Halvor Prytz, som fekk æra av å kutte kabelen og slik erklære det nye bygget for offisielt opna. I høve opninga hadde Tussa invitert gode kundar og samarbeidspartnarar til Mjølstadnesvegen 4. Her var det omvisning på bygget og gjestane fekk med seg to faglege føredrag. Tussa sin ekspert på solceller, Per Kristian Kile, delte av kunnskapen sin om solcelleinstallasjonar på næringsbygg, og om dette kan vere lønsamt på Sunnmøre. I tillegg fekk dei høyre om Tussa si IKT-satsing og aktuelle prosjekt, av sals-og produktsjef for IT, Norodd Dyhovden.
Vinn smarte produkt til heimen din
Vi feirar opninga av det nye kontoret vårt i Fosnavåg. Ta kvissen og vinn produkt som gjer heimen din meir energieffektiv og smart. Konkurransen blir avslutta 8. mai.