Kva leitar du etter?

20230209 120404
Christer Wiik, Remi Draagen, Tony Våge, Cato Jokstad og Thomas Kvisvik jobbar på Tussa sitt Åndalsneskontor.

Opna nytt Tussa-kontor på Åndalsnes

08.02.2023

Torsdag 9. februar markerte Tussa opninga av det nye IT-kontoret på Åndalsnes. Kontoret utvidar det geografiske nedslagsfeltet og gir nærleik til nye kundar. Basert på lokal kunnskap og kompetanse vil Tussa levere gode tenester og gi god service til kundane på Åndalsnes.

Tussa har det siste året styrka satsinga på IT-tenester til næringslivet, og er i dag totalleverandør som leverer IT-tenester frå eige datasenter og Microsoft Azure. Det nye kontoret på Åndalsnes styrkar IT-satsinga i regionen og opnar for nye kundar og vidare vekst.

Godt utgangspunkt for IT-tenester

Det var i oktober i fjor at det vart kjent at Tussa ville etablere eit IT-kontor på Åndalsnes. På hausten gjekk EMP Secure ut med melding om å leggje ned avdelingskontoret sitt i byen, og fem medarbeidarar sto utan arbeid. Desse fem personane har fått vidare arbeid i Tussa, noko som gir Tussa eit særs godt utgangspunkt for satsinga på Åndalsnes.

- Rauma Energi har bygd ut eit godt fibernett i området og dette gir oss eit flott utgangspunkt for å levere stabile og trygge IT- tenester. Vi er no i dialog med mange potensielle kundar på Åndalsnes og det er stor interesse for tenestene vi tilbyr, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.

Nye lokale i Havnegata 3

Tussa sitt nye lokale ligg i Havnegata 3 i Åndalsnes sentrum. Dei siste vekene har kontoret blitt oppgradert, og det er lokale firma som har stått for dette arbeidet. Huseigar Ole Johnny Amundsen har koordinert arbeidet som er utført av Byggtorget, Nevenyttig, Grande, PR-partner, Rauma Energi, Måndalen Trevare og MIFO.

20230209 120639
Velkommen til oss på Åndalsnes!
20230209 120948
Huseigar Ole Johnny Amundsen gratulerer Tussa med nytt kontor.
IMG 11171
20230209 150825
20230209 152245
IMG 11151
IMG 11131
IMG 11091
IMG 11101
IMG 11121

Frukostmøte

I høve opninga var næringslivet i Rauma invitert til gratis frukostmøte på Tindebygget. Her var det gode tips å hauste om Microsoft 365 og Teams, og Tussa sine IT-ekspertar fortalde om kva trendar og produkt som finst i IT-marknaden.

20230209 084159
Aolveig Brøste Sletta, dagleg leiar i Nordveggen saman med Steinar Hauge, sals- og marknadssjef i Tussa
IMG 1106
Det var godt oppmøte på frukostmøte på Tindebygget torsdag morgon

Om Tussa

Tussa sin visjon er å skape framtidsretta og miljøvennlege løysingar. Tussa er eit konsern på Nord-Vestlandet som produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør. Tussa driv systematisk miljøleiing, og konsernet er ISO 14001-sertifisert. I tillegg er Tussa IKT sertifisert i ISO 27001, informasjonssikkerheit.