Kva leitar du etter?

Ministermøte
Per Kristian Kile møtte Per Ivar Lied (Møre og Romsdal Sp), Olav Myklebust (ordførar i Sande kommune) og statsråd Sigbjørn Gjelsvik i sola på taket på Sandetun.

Ministermøte på Sandetun

08.09.2023

Onsdag gjesta kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) Sande kommune. Der fekk han mellom anna sjå nærare på solcelleanlegget Tussa er i gang med å installere på Sandetun.

- Det var eit bra møte, seier Per Kristian Kile, prosjektleiar for Sandetun-prosjektet. Han var invitert til å orientere statsråden, lokale politikarar og andre om anlegget.

Dette er det første prosjektet der Tussa Installasjon har gjort alt designarbeidet utan bruk av eksterne konsulentar. Seks medarbeidarar har vore i sving frå Tussa Installasjon for å montere dei 534 solcellepanela på taket og delvis på veggane til omsorgssenteret på Larsnes. Anlegget er på 219 kWp. Arbeidet starta 10. august og skal vere i drift innan utgangen av september.

Målretta satsing på enøk-tiltak

Sande kommune har fått offentleg støtte til å gjennomføre solcelleprosjektet på Sandetun, og ordførar Olav Myklebust seier at prosjektet er eit godt døme på kva målretta satsing på enøk-tiltak kan bety for ei lita kommune som Sande.

Oversikt
Solcellepanel på taket og delvis på veggar på Sandetun.
Sandetun
Anlegget er på 219 kWp.