Kva leitar du etter?

Henning Chr. Myklebust og Roar Stenersen ved overleveringa av elbilane.
Henning Chr. Myklebust og Roar Stenersen ved overlevering av bilane.

Miljøvennleg og effektivt med elbil som firmabil

04.05.2022

Tussa Installasjon har tatt eit grønt og berekraftig val og har kjøpt 20 elektriske firmabilar. Bilane er av merket Opel Vivaro og er leverte av Bil & Gummiservice i Ørsta.

Tussa har ein større flåte med bilar som er i ferd med å bli elektrifiserte. Flest bilar finn vi i Tussa Installasjon, som har 130 medarbeidarar og 80 firmabilar. Bilane er i hovudsak eldre fossilbilar. Tussa sin strategi er å skifte frå fossile til elektriske bilar, der dette er føremålstenleg, etter kvart som bilane vert gamle og reparasjonskostnadene stig.

- For oss er det viktig å ta berekraftige val og vi er opptekne av miljø. Vi jobbar med elektrisitet, sel produkt og tenester som har ein tydeleg miljøprofil, og vil etterleve det vi oppmodar kundane våre til å gjere. Å køyre elektrisk, produsere solkraft i bygga våre og bruke straumen smart er døme på det vi gjer. Vi er også i gang med å miljøsertifisere oss innanfor ISO-standarden 14001 miljøleiing, seier Roar Stenersen, adm. direktør i Tussa Installasjon.

- For personbilar har salet av elektriske bilar vore i ei rivande utvikling siste åra, og varebilar har hengt litt etter. Men no kjem også elektriske varebilar for fullt.
Henning Chr. Myklebust, dagleg leiar i Bil og Gummiservice

Fleire kjøper elektrisk varebil

Økonomisk er det også ein fordel med elbilar. Kilometerprisen er låg, bilane er driftssikre og trygge, og dei har god køyrekomfort. Dette gjer at stadig fleire bedrifter vel å kjøpe elektriske firmabilar.

- Vi er glade og takksame for at ei stor, lokal og trygg bedrift som Tussa Installasjon har valt oss som leverandør på elektrisk varebil, seier dagleg leiar Henning Chr. Myklebust i Bil og Gummiservice.

- For personbilar har salet av elektriske bilar vore i ei rivande utvikling siste åra, og varebilar har hengt litt etter. Men no kjem også elektriske varebilar for fullt, meiner Henning.

- Først og fremst er det produkta i seg sjølv som har blitt betre, men også insentiv frå styresmaktene vil eg tru har bidrege til aukande sal.

Elektriske varebilar
Nokre av dei elektriske varebilane utanfor Tussa Installasjon i Ørsta.