Kva leitar du etter?

Rapport etter openheitslova

29.06.2023

Tussa har offentleggjort ein rapport som skildrar arbeidet vårt for menneskerettar og sømelege arbeidsforhold.

Lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold (openheitslova) har som føremål å fremje verksemder si respekt for gunnleggjande menneskerettar og sømelege arbeidsforhold. Tussa gjennomfører aktsemdsvurderingar i samsvar med openheitslova.

Rapporten gjer greie for arbeidet vi har gjort for å redusere negative konsekvensar av aktivitetane våre, aktsemdsvurderingane vi utfører i leverandørkjeda vår, og retningslinjene som er etablert internt i organisasjonen.

Aktsemdsvurdering av leverandørar og samarbeidspartnarar

Tussa arbeider kontinuerleg med å vurdere risikoen i eigen aktivitet og bruken av leverandørar og samarbeidspartnarar. Vi gjennomfører tiltak for å nå måla vi har sett oss. Tussa sendte ut spørjeskjema til leverandørar og samarbeidspartnarar i juni 2023, og arbeidet med å følgje opp desse vil halde fram i 2023. Resultata av spørjeundersøkinga, risikovurderinga og dei eventuelle brota på menneskerettar og sømelege arbeidsforhold vi avdekkjer, blir del av rapporteringa for 2023.

Aktsemdsvurdering av eiga verksemd

Tussa har etiske retningslinjer som legg grunnen for å vere ein truverdig leverandør, ansvarleg samarbeidspart og ha eit godt og trygt arbeidsmiljø. Tussa skal skape resultat der etikk, menneske og miljø er klare rammer for aktiviteten. Vi driv verksemda vår i Noreg, i samsvar med lovar, forskrifter og god forretningsskikk.

Tussa har eit godt arbeidsmiljø og lågt sjukefråvær. Vi arbeider systematisk med HMS, og legg til grunn at både fysisk- og psykososialt arbeidsmiljø er viktig. Likehandsaming som prinsipp er forankra i verksemda sine styrande dokument, og det er retningslinjer som sikrar at medarbeidarar ikkje vert utsett for diskriminering. Vi har regulerte arbeidstider og konkurransedyktig løn. Ut frå ei samla vurdering må Tussa kunne reknast som ein god og trygg arbeidsplass.

Ikkje avdekt negative konsekvensar

Det er ikkje avdekt tilfelle som krev gjenoppretting eller erstatning for rapporteringsåret 2022.