Kva leitar du etter?

Kongeparet
Foto: Jørgen Gomnæs / Det kongelege hoff.

Kongeparet besøkjer Sunnmøre

31.08.2022

Kongeparet er på besøk på Sunnmøre, og 1. september går turen til Hareid kommune. Besøket kan du sjå direkte på kanal 171.

Alle som har TV frå Tussa kan sjå sendinga på kanal 171. Det gjeld også bebuarar på omsorgssenter eller andre institusjonar som har TV frå Tussa. Hareid kommune vil også sende frå besøket på sine Facebook-sider.

Program og meir informasjon om kongebesøket på Hareid finn du på Hareid kommune sine nettsider.

Sendinga er i samarbeid med Hareid kommune, og det er Lydkjellaren som står for filminga.