

Grønt gras med grøn grasklippar
Kvamsøy Idrettslag har fått tildelt 30 000 kroner frå Tussa sitt berekraftsfond. Midlane skal gå til innkjøp av ein moderne robotgrasklippar som erstattar den fossile traktorklipparen. Tiltaket fremjar berekraftig praksis og sikrar vidare bruk av grasbana for barn og unge i bygda.
Kvamsøy IL er eit idrettslag bygt på dugnad, utan løna trenarar eller godtgjersle. I søknaden til berekraftsfondet understrekar dei kor viktig det er å halde anlegget i god stand, sjølv om aktiviteten er mindre enn før, spesielt for å ta vare på barn og unge i bygda.
Den nye robotklipparen vil gjere vedlikehaldet enklare og meir miljøvennleg, og bidra til at grasmatta held høg standard også i framtida.
I sommar fekk Gunnar Ristesund og Asbjørn Støylen i Kvamsøy IL overrekt gåvesjekken frå Henrik Rodt, berekraftstrainee i Tussa Kraft.
Tildelinga frå berekraftsfondet er i tråd med Tussa sitt mål om å støtte tiltak som fremjar miljøvennleg praksis og sosial berekraft i lokalsamfunna vi er ein del av.
Mottakarar av Tussa berekraftsfond i 2025
I 2025 fekk desse laga og organisasjonane støtte gjennom Tussa berekraftsfond:
- Brandal Velforening i Hareid:
Installere varmepumpe, oppgradering av elektrisk anlegg, lys og stikkontaktar for å gjere Pakkhuset tryggare og betre eigna til arrangement. - Fairtrade Volda og Ørsta:
Lokale aktivitetar i samband med nasjonal kampanjeveke (13.–19. oktober 2025) for å fremje rettferdig handel, med særlege aktivitetar for barn og unge. - Gjerdsvika IL i Sande:
Oppgradere sikringsskap og skifte ut gamle lyskjelder til LED i klubbhuset, for tryggleik, miljø og betre lys. - Kvamsøy IL i Sande kommune:
Gå frå fossil traktorklippar til elektrisk robotklippar for vedlikehald av fotballbanen, slik at barn og unge har ein møtestad for aktivitet. - UL Fram på Åheim i Vanylven:
Renovering av ungdomshuset frå 1926 med ny kledning, vindu og isolasjon. Dette sparar straum og bevarer eit av landets best bevarte ungdomshus. - Søstrene Mel i Hornindal i Volda:
Ny produksjon av utespelet Søstrene Mel og sjøormen. Familieframsyning som handlar om klima, miljø, kultur og identitet, der profesjonelle og frivillige samarbeider.