

Berekraftsstøtte til Brandal Velforening
Rett før sommarferien delte Tussa ut berekraftsmidlar til seks prosjekt i regionen. Eitt av desse var Brandal Velforening i Hareid, som fekk ein gåvesjekk på 30 000 kroner.
Velforeninga driv Pakkhuset, eit samlingspunkt heilt nede ved sjøen i ishavsbygda. Lokalet blir nytta til alt frå konfirmasjonar, dåp og bygdefestar til heilårs bading, og er ein viktig møteplass for innbyggjarane.
Men både lys og oppvarming har vore ei utfordring. Det har ofte vore mørkt og kaldt, og høg straumbruk har gått utover både miljø og lommebok. Difor søkte velforeninga støtte til oppgradering.
– No blir det mykje lys og mykje varme, og dette vil lokalmiljøet få stor glede av, seier Annika i Brandal Velforening.
Gjennom berekraftsfondet ønskjer Tussa å støtte tiltak som bidreg til ei berekraftig utvikling, i tråd med FN sine berekraftsmål, og vere ein aktiv støttespelar for frivillige lag og initiativ i regionen.
Mottakarar av Tussa berekraftsfond i 2025
I 2025 fekk desse laga og organisasjonane støtte gjennom Tussa berekraftsfond:
- Brandal Velforening i Hareid:
Installere varmepumpe, oppgradering av elektrisk anlegg, lys og stikkontaktar for å gjere Pakkhuset tryggare og betre eigna til arrangement. - Fairtrade Volda og Ørsta:
Lokale aktivitetar i samband med nasjonal kampanjeveke (13.–19. oktober 2025) for å fremje rettferdig handel, med særlege aktivitetar for barn og unge. - Gjerdsvika IL i Sande:
Oppgradere sikringsskap og skifte ut gamle lyskjelder til LED i klubbhuset, for tryggleik, miljø og betre lys. - Kvamsøy IL i Sande kommune:
Gå frå fossil traktorklippar til elektrisk robotklippar for vedlikehald av fotballbanen, slik at barn og unge har ein møtestad for aktivitet. - UL Fram på Åheim i Vanylven:
Renovering av ungdomshuset frå 1926 med ny kledning, vindu og isolasjon. Dette sparar straum og bevarer eit av landets best bevarte ungdomshus. - Søstrene Mel i Hornindal i Volda:
Ny produksjon av utespelet Søstrene Mel og sjøormen. Familieframsyning som handlar om klima, miljø, kultur og identitet, der profesjonelle og frivillige samarbeider.